Puppet on a String
«Puppet on a String» Song av Sandie Shaw | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 1967 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:21 | |
Selskap | Pye[1] | |
Komponist | Bill Martin, Phil Coulter | |
Tekstforfattar | Bill Martin, Phil Coulter | |
Låtskrivar(ar) | Bill Martin og Phil Coulter | |
---|---|---|
Produsent | Ken Woodman |
«Puppet on a String» (‘tråddokke’ eller ‘marionett’) er ein britisk popsong som vann Eurovision Song Contest 1967. Songen vart framført av Sandie Shaw og var skriven av låtskrivarduoen Bill Martin og Phil Coulter. Songen skaffa Storbritannia sin fyrste siger i Eurovision Song Contest, og han blei ein stor kommersiell suksess etter tevlinga. I Noreg toppet han VG-lista i seks veker, meir enn nokon annan tidlegare Eurovision-song.[2]
Eurovision Song Contest
endreBritisk finale
endreI forkant av Eurovision Song Contest hadde BBC handplukka Sandie Shaw til å delta for Storbritannia, men BBC lot musikerforeininga MPA ta hand om utveljinga av songen.[3] MPA plukka ut fem songar som blei framført i The Rolf Harris Show på BBC1 25. februar 1967. Shaw song alle songane, og etter ei postkort-avrøysting blei «Puppet on a String» kåra som det britiske bidraget til Eurovision Song Contest.[4] Av dei fem låtane som var i finalen, var vinnarbidraget sistevalet til Shaw. Med hennar eigne ord: «Eg hata han frå det heilt fyrste ompa, til det siste slaget på den store basstromma. Eg blei instinktivt fråstøytt av det sexistiske vrøvlet og gaukursmelodien.»[4]
Sjølv hadde ikkje Shaw noko ønske om å delta i Eurovision Song Contest, men talentspeidaren hennar, Adam Faith, hadde overtala ho og sa at det ville gjere manageren hennar, Eve Taylor, lukkeleg. Taylor meinte dette var eit lurt trekk, sidan det kunne setje Shaw i eit godt ljos igjen etter å ha vore involvert i ein opprivande skilsmisseskandale.[5][6]
Eurovision Song Contest
endreEurovision Song Contest blei arrangert i Wien laurdag 8. april 1967, og «Puppet on a String» var det ellevte bidraget ut på scena av 17 deltakande bidrag. I avrøystinga vann songen ein overlegen siger med 47 poeng, meir enn dobbelt så mange poeng som Irland på andreplass. Heile sju av dei ti medlemmane i den norske jurygruppa hadde songen som sin favoritt.[7]
Shaw har seinare forklart Eurovision-sigeren med at ho allereie var populær på kontinentet. Ho hadde spela inn dei fleste hitane sine på fransk, italiensk, tysk og spansk. «Puppet on a String» blei den tredje nummer én-hiten til Shaw i Storbritannia, noko som var rekord for ei kvinne på den tida.[6] Songen blei også ein kjempesuksess over heile verda, blant anna blei «Puppet on a String» den mestseljande singelen i Vest-Tyskland i 1967.[4] Shaw spela også inn «Puppet on a String» på fransk («Un tout petit pantin»), italiensk («La danza delle note»), spansk («Marionetas en la cuerde») og tysk («Wiedehopf im Mai»).[8]
Nyinnspeling
endreShaw spela inn «Puppet on a String» på nytt igjen i 2007, i høve sin eigen 60-årsdag.[4] Nyinnspelinga kom i stand etter at ho besøkte ein venn, musikaren Howard Jones. Han sat og spela nokre akkordar på keyboardet og nynna på ein melodi. Ho nynna med og oppdaga etter kvart at songen eigentleg var «Puppet on a String». Dei spela inn den nye versjonen og sende han til produsenten Andy Gray, som la siste hand på verket. Shaw sa sjølv at ho elska den nye versjonen – etter å ha hata originalen i store delar av livet. På sin eigen fødselsdag slapp ho den nye versjonen eksklusivt til gratis nedlasting på si offisielle heimeside. Der var han tilgjengeleg for gratis nedlasting i 60 dagar.[4]
Listeplasseringar
endreListe (1967) | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|
Argentina (ACPVP)[11] | 1 | – | – |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[12] | 1 | 20 | 15. mai 1967 |
Australia (Go-Set National Top 40)[13] | 2 | 16 | 10. mai 1967 |
Belgia, Flandern (Ultratop)[12] | 1 | 16 | 22. april 1967 |
Belgia, Vallonia (Ultratop)[12] | 1 | 18 | 29. april 1967 |
Canada [9] | 1 | – | – |
Danmark (Top 20)[14] | 2 | 11 | Veke 15 1967 |
Frankrike (IFOP)[15] | 2 | 13 | 1. april 1967 |
Finland (Suomen virallinen lista)[16] | 5 | – | – |
Irland (Irish Singles Chart)[17] | 1 | 12 | 1. april 1967 |
Italia (Musica e dischi)[9] | 12 | – | – |
Nederland (Veronica Top 40)[18] | 1 | 14 | 8. april 1967 |
Nederland (Single Top 20)[12] | 1 | 10 | 15. april 1967 |
New Zealand (NZ Charts)[9] | 1 | – | – |
Noreg (VG-lista)[2] | 1 | 11 | 20. april 1967 |
Singapore (Radio Singapore)[19] | 3 | – | – |
Spania (SER)[20] | 6 1 |
6 19 |
10. mai 1967 (original versjon) 12. april 1967 (spansk versjon) |
Storbritannia (UK Singles Chart)[21] | 1 | 18 | 18. mars 1967 |
Sverige (Kvällstoppen)[22] | 1 | 9 | 18. april 1967 |
Sør-Afrika (Entertainment Monitoring Africa)[23] | 3 | – | – |
Venezuela[24] | 6 | – | – |
Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Top 10)[12] | 1 | 12 | 1. mai 1967 |
Kjelder
endre- ↑ «45cat - Sandie Shaw - Puppet On A String / Tell The Boys - Pye - UK - 7N 17272». 45cat.com. Henta 7. februar 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «VG-lista for 'Puppet on a String'». VG Nett. Henta 7. februar 2017.
- ↑ Andre de Vekey (22. april 1967). «U.K. Entry Wins Eurovision». Billboard Magazine: 58.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Puppet On A String by Sandie Shaw Songfacts». www.songfacts.com (på engelsk). Henta 7. februar 2017.
- ↑ Roya Nikkhah (25. desember 2010). «Sandie Shaw's love scandal that almost cost Britain its first Eurovision victory». The Telegraph. Henta 7. februar 2017.
- ↑ 6,0 6,1 Eivind M. Sætre (23. august 2012). «Sandie Shaw – Puppet on a String». GV-musikk.no. Arkivert frå originalen 8. februar 2017. Henta 7. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1967 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 7. februar 2017.
- ↑ «Sandie Shaw » Discography». www.sandieshaw.com. Henta 7. februar 2017.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 495. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Steffen Hung. «Chart Performance @». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 15. mai 2011.
- ↑ «Billboard Magazine, August 1967». Billboard. 12. august 1967.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 «Puppet on a String (listeplasseringer for flere land)». austriancharts.at. Henta 7. februar 2017.
- ↑ Steffen Hung. «Go-Set Australian Charts 5 July 1967». Go-Set – The teen and twenties newspaper. Arkivert frå originalen 26 juli 2018. Henta 21. juli 2018.
- ↑ «Puppet on a String». danskehitlister.dk. Henta 15. juli 2018.
- ↑ Arkivside med franske singellister
- ↑ Pennanen, Timo (2021). «Sandie Shaw». Sisältää hitin - 2. laitos Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla 1.1.1960–30.6.2021 (PDF) (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 232. Henta 4. juli 2022.
- ↑ http://www.fireballmedia.ie, Jaclyn Ward - Fireball Media Group -. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Henta 7. februar 2017.
- ↑ Top 40, Stichting Nederlandse. «Sandie Shaw - Puppet On A String». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 9. desember 2018.
- ↑ «Billboard Magazine, July 1, 1967». Billboard. Juli 1967.
- ↑ «Listas de superventas: 1967». Listas de superventas. Arkivert frå originalen 12. februar 2010. Henta 26. februar 2017.
- ↑ «Puppet on a String». The Official Charts Company. Henta 7. februar 2017.
- ↑ «Scannede lister av Kvällstoppen 1966–1969 (pdf)» (PDF). www.hitsallertijden.nl. Henta 18. februar 2017.
- ↑ «Billboard Magazine, June 3 1967». Billboard. 24. juni 1967.
- ↑ «Billboard Magazine, August 1967». Billboard. 12. august 1967.
- Denne artikkelen bygger på «Puppet on a String» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mai 2023.