Cosimo di Lorenzo Rosselli (14397. januar 1507) var ein italiensk renessansemålar som arbeidde i Firenze og Roma.

Cosimo Rosselli
067 le vite, cosimo rosselli.jpg
Fødd 1439
Firenze
Død

17. januar 1507
Firenze

Yrke kunstmålar
Madonna og barn med englar, ca 1480

Rosselli var frå Firenze. I åra 1453-56 var han elev av Neri di Bicci, kanskje også av Benozzo Gozzoli. I 1481 deltok han i utsmykkinga av det sixtinske kapellet, på oppdrag frå pave Sixtus IV. Han måla der Nattverden og Moses tek mot lovtavlene med meir. Mellom verka hans i Firenze er freskoane i Santissima Annunziata og Sant’Ambrogio.

Rosselli var teknisk sett ein framifrå målar, men han mangla originalitet. Han måla i ein ganske streng lineær og stiv stil. I sine seinare år måla han i ein stil som minner om Filippino Lippi. Fra Bartolommeo, Andrea del Sarto og Piero di Cosimo var mellom dei han hadde til elevar.

KjelderEndra

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Cosimo Rosselli