County Monaghan
County Monaghan[a] er eit grevskap i Republikken Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet er eit av tre grevskap i Ulster som ikkje ligg i Nord-Irland. Administrasjonsbyen er Monaghan.
Monaghan | |||
Muineachán | |||
county | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Provins | Ulster | ||
Hovudstad | Monaghan | ||
Areal | 1 295,0 km² | ||
Folketal | 60 483 (2011) | ||
Bilnummer | MN | ||
County Monaghan 54°14′38″N 7°02′24″W / 54.244°N 7.04°W | |||
Kart som viser County Monaghan.
| |||
Wikimedia Commons: County Monaghan |
County Monaghan grensar til Tyrone, Londonderry og Armagh i Nord-Irland, og Louth i aust, Meath i sør og Cavan i vest.
Namnet kjem frå muine cheain, som tyder landet med dei små åsane. Dette viser til det spesielle landskapet som er dominert av låge åsryggar som er eit resultat av erosjon frå isbrear ved slutten av siste istid.
Diktaren Patrick Kavanagh, som vert rekna som ein av dei viktigaste irske diktarane på 1900-talet, vart fødd i Monaghan. Diktet hans Stony Grey Soil refererer til grevskapet.
Byar og landsbyar
endre- Ballinode, Ballybay
- Carrickmacross, Castleblayney, Clones
- Emyvale
- Inniskeen
- Glaslough
- Killanny
- Magheracloone, Monaghan
- Newbliss
- Rockcorry
- Scotstown, Smithborough (eller Smithboro)
- Tydavnet, Tyholland
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ «Muineachán». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 30. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Monaghan» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.