County Tyrone (irsk Contae Thír Eoghain) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

County Tyrone
Contae Thír Eoghain
Våpen
Del av Storbritannia
Hovudstad Omagh
Areal 3 155 km²
Folketal 166 516 (est.)
Folketettleik 53 / km²
Provins Ulster

County Tyrone
54°37′ N 7°10′ W
NorthernIrelandTyrone.png
Wikimedia Commons: County Tyrone

County Tyrone grensar til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grensar Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.

Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.

Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.

Byar og landsbyar i County TyroneEndra

Den tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.

KjelderEndra