Coupar Angus
Coupar Angus (skotsk gælisk Cùbar Aonghais) er ein by i regionen Perth and Kinross i Skottland. Han har kring 2000 innbyggjarar. Angus vart lagt til namnet for å skilje han frå Cupar i Fife. Då byen vart overført frå grevskapet Angus til Perthshire i 1891 heldt han det tradisjonelle namnet sitt.
Coupar Angus | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Cùbar Aonghais | |
Klokketårnet i Coupar Angus. Foto: James Allan | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Perth and Kinross | |
Tradisjonelt grevskap | Perth and Kinross | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 755 | |
Koordinatar | 56°33′N 3°16′W / 56.550°N 3.267°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Telefon-retningsnummer | 0 1828 | |
Coupar Angus ligg sør for elva Isla, og åtte kilometer sør for Blairgowrie. I mellomalderen låg det store cisterciensarklosteret Coupar Angus Abbey ved byen. Det vart grunnlagt av Malcolm IV av Skottland rundt 1160.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coupar Angus» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.