Opna hovudmenyen
Crazy Arms
Singel av Ray Price
B-side «You Done Me Wrong»
Utgjeve Mai 1956
Innspelt 1. mars 1956
Sjanger country
Lengd 2:35
Selskap Columbia 21510
Låtskrivar(ar) Ralph Mooney og Charles Seals
Ray Price-kronologi
«Run Boy»
(1955)
Crazy Arms «I've Got a New Heartache»
(1956)


«Crazy Arms» er ein USA-amerikansk countrysong spelt inn av Ray Price. Songen, som kom i mai 1956, vart ein stor hit det året og ein honky-tonk-standard. Det vart den første hitten til Price som gjekk til topps på salslista. Songen vart skriven av Ralph Mooney og Charles Seals. Mooney, som var pedal steel-gitarist på mange innspelingar og for Waylon Jennings og Wynn Stewart i over 20 år, sa han fekk ideen til songen då kona forlet han på grunn av alkoholproblemet sitt.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

«Crazy Arms» var ein tradisjonell countryballade på ei tid då produsentane innan sjangaren leitte etter ein stil som kunne nå ungdomen i Amerika.[1]

Price var på veg oppover i karrieren og hadde alt hatt noko suksess i 1956, og brukte «Crazy Arms» til å etablere seg som ei stjerne og introdusere fansen til Texas shuffle-stilen hans: fele, pedalsteelgitar, vandrande elektrisk bass og svingande 4/4-takt.[1] Desse kjennemerka vart nytta i mange av dei største hittane til Price frå midten av 1950-åra til tidleg i 1960-åra, før Price byrja å eksperimentere med strykarar og ein meir pop-innretta stil.

Den første kjende innspelinga av «Crazy Arms» vart gjort av Wynn Stewart i 1954. Den særs sjeldne 78" acetat-plata vart oppdaga i mars 2012 på eBay. Ho har etikett frå Jimmy Jones sitt platestudio frå Pasadena i California. Etiketten var handskriven.

SuksessEndra

«Crazy Arms» gjekk til topps på alle dei dåverande Billboard country-listene (jukebox, best sellers og radio airplay) i juni 1956 og skal ha lege 20 veker på toppen av lista. Berre tre songar låg lenger på nummer ein. I tillegg kåra Billboard songen til årets countrysingel i 1956.[2]

Den lange tida på førsteplassen vart ikkje matcha før 27. juli 2013 då «Cruise» av Florida Georgia Line òg låg 20 veker på toppen. Berre to songar sidan 1956 – «Walk On By» av Leroy Van Dyke (19 veker, 1961-1962) og «Love's Gonna Live Here» av Buck Owens (16 veker, 1963-1964) – har vore i nærleiken.

Andre versjonarEndra

«Crazy Arms» har blitt spelt av mange andre artistar innan både country og andre sjangrar. Somme av dei meir kjende artistane er Bing Crosby (i 1965 på albumet Bing Crosby Sings the Great Country Hits), Chuck Berry, The Andrews Sisters, Gram Parsons, Patsy Cline, Waylon Jennings, Trini Lopez, Mickey Gilley, Willie Nelson, Patty Loveless, Jerry Lee Lewis, Marie Osmond og Jerry Garcia Band. I tillegg deltok Price på ein versjon av Barbara Mandrell i 1990 på albumet Morning Sun. Karen Chandler og Jimmy Wakely spelte Price sin versjon alt i 1956. I 2000 framførte Van Morrison og Linda Gail Lewis songen på albumet deira You Win Again. Linda Ronstadt spelte inn songen i 1971 på albumet Linda Ronstadt. Marty Stuart spelte inn ein instrumentalversjon med Mooney i 2010 på albumet Ghost Train: The Studio B Sessions. I nyare tid har Chris Isaak spelt inn «Crazy Arms» på albumet Beyond the Sun.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Malone, Bill, «Classic Country Music: A Smithsonian Collection» ((booklet included with Classic Country Music: A Smithsonian Collection 4-disc set). Smithsonian Institution, 1990), p.51.
  2. [1] Billboard magazine Hot Country Singles year-end chart - 1956.

BakgrunnsstoffEndra