Linda Ronstadt av Linda Ronstadt
Linda Ronstadt Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. januar 1972 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 31:42 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | John Boylan | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Silk Purse (1970) |
Linda Ronstadt | Don't Cry Now (1973)
|
Singlar frå Linda Ronstadt | ||
|
Linda Ronstadt er det tredje studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut tidleg i 1972 på Capitol Records. Albumet selde dårleg, og førte til at ho vart droppa av plateselskapet. Det nådde 163. plassen på Billboard Pop Album-lista og 35. plassen på countrylista.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B–[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Historie
endreFør albumet vart spelt inn fekk Ronstadt gitaristen Glenn Frey til å setje saman eit turnéband for seg. Frey henta inn bandet til trommeslagaren Don Henley, Shiloh, som hadde kontrakt med Amos Records på same tid som det førre bandet til Frey, Longbranch Pennywhistle. Turnébandet vart utfylt med pedalsteelgitarist Sneaky Pete Kleinow og produsenten John Boylan på gitar, som akkompagnerte Ronstadt på seks av ti spor på albumet, inkludert tre som var konsertopptak på The Troubadour i West Hollywood i California i mars 1971. Dei andre medlemmane bestod av den originale besetninga i Eagles med gitaristen Bernie Leadon og bassisten Randy Meisner, som spelte på andre spor på albumet som studiomusikarar. Meisner akkompagnerte Ronstadt på korvokal med livebandet på «Birds» og «Rescue Me». Ronstadt gjekk så med på å la Frey, Henley, Leadon og Meisner skipa Eagles etter at albumet kom ut. Andre kjende studiomusikarar på albumet var fiolinisten Gib Guilbeau, pedalsteelgitarist Buddy Emmons, munnspelspelaren Jimmy Fadden frå Nitty Gritty Dirt Band og Herb Pedersen på gitar, banjo og korvokal.
Etter dette albumet signerte Ronstadt for Asylum Records og spelte inn det neste albumet for dei, men på grunn av kontrakten hennar med Capitol, måtte ho gje ut det påfølgjande albumet, Heart Like a Wheel, i 1974 for dei. Ironisk nok vart det store gjennombrotet hennar.[4]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rock Me On the Water» | Jackson Browne | 3:40 |
2. | «Crazy Arms» | Ralph Mooney, Chuck Seals | 3:33 |
3. | «I Won't Be Hangin' Round» | Eric Kaz | 3:03 |
4. | «I Still Miss Someone» | Johnny Cash, Roy Cash jr. | 2:42 |
5. | «In My Reply» | Livingston Taylor | 3:32 |
Total lengd: | 16:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Fall to Pieces» | Hank Cochran, Harlan Howard | 3:11 |
2. | «Ramblin' 'Round» | Lead Belly, Woody Guthrie, John A. Lomax | 3:22 |
3. | «Birds» | Neil Young | 3:01 |
4. | «I Ain't Always Been Faithful» | Eric Andersen | 2:51 |
5. | «Rescue Me» | Raynard Miner, Carl Smith | 2:47 |
Total lengd: | 15:12 |
Salslister
endreListe (1972) | Plassering |
---|---|
USA (Billboard 200) | 163 |
Medverkande
endreFrå plateomslaget:[5]
- Linda Ronstadt – solovokal, arrangement (2, 7), tamburin (10)
- Barry Beckett – klaverinstrument (3)
- John Boylan – gitar (1, 2, 5, 6, 8, 9), arrangement (2, 5, 9)
- Glenn Frey – gitar (1, 6, 8-10), arrangement (1), korvokal (9, 10)
- Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar (1, 2, 6, 8, 10)
- Richard Bowden – elektrisk gitar (2)
- Tippy Armstrong – gitar (3)
- Weldon Myrick – steelgitar (3)
- Bernie Leadon – gitar (4, 5, 7), korvokal (5, 7)
- Herb Pedersen – gitar (4), korvokal (5, 7), banjo (7)
- Dean Webb – mandolin (4)
- Moon Martin – korvokal (4), gitar (8, 10)
- Buddy Emmons – pedalsteelgitar (5, 9)
- Michael Bowden – bassgitar (1, 2, 6, 8-10)
- David Hood – bassgitar (3)
- Wesley Pritchett – bassgitar (4)
- Randy Meisner – bassgitar (5), korvokal (8, 10)
- Lyle Ritz – bassgitar (7)
- Don Henley – trommer (1, 2, 6, 8, 9, 10), korvokal (8, 9, 10)
- Roger Hawkins – trommer (3)
- Mike Botts – trommer (5)
- Jimmie Fadden – munnspel (7)
- Gib Guilbeau – fele (2, 4, 6, 7), korvokal (4)
- J.D. Souther – korvokal (2), solo- og harmonivokal
- Merry Clayton – korvokal (3)
- Dianne Davidson – korvokal (3)
- Miss Ona – korvokal (3)
Teknisk
- John Boylan – produsent
- Al Coury – produksjonskoordinator
- Don Blake – lydteknikar
- Larry Hamby – lydteknikar
- Rudy Hill – lydteknikar
- Wally Heider – lydteknikar
- Mike Shields – lydteknikar, miksing, mastering
- Ray Thompson – lydteknikar
- Dean Torrence – design
- John Hoernle – kunstnarisk leiar
- Ed Caraeff – fotografi
Studio
- Spelt inn i United Western Recorders og The Troubadour (Hollywood i California); Muscle Shoals Sound Studios (Sheffield i Alabama).
- Miksa og mastra hos NEMO Productions.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linda Ronstadt av Linda Ronstadt» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com.
- ↑ Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone linda ronstadt album guide.»
- ↑ Moore, Mary Ellen (1978). The Linda Ronstadt Scrapbook: An Illustrated Biography. New York: Grosset & Dunlap. s. 61. ISBN 0-441-48411-5.
- ↑ Linda Ronstadt (booklet). Capitol. 1972.