Cuilcagh
Cuilcagh er det høgaste fjellet i Breifne-området og det 165. høgaste punktet på Irland.[1] Toppen ligg på grensa mellom grevskapa Fermanagh (i Nord-Irland) og Cavan (i Republikken Irland), og er det høgaste punktet i begge grevskapa. Vatnet frå sørsida av fjellet forsvinn under jorda og dukkar opp nokre kilometer borte i Shannon Pot, som vert rekna som kjelda til elva Shannon.
Cuilcagh | |||
fjell | |||
Utsyn frå Cuilcagh
| |||
Land | Mal:Landdata Storbritannia, Irland | ||
---|---|---|---|
Område | Fermanagh i Nord-Irland og Cavan i Republikken Irland | ||
Fjellkjede | Wicklowfjella | ||
Høgd | 665 moh. | ||
Primærfaktor | 606 m | ||
Koordinatar | 54°12′00″N 7°48′40″W / 54.200°N 7.811°W | ||
Cuilcagh 54°12′00″N 7°48′40″W / 54.2°N 7.811°W | |||
Wikimedia Commons: Cuilcagh Mountain |
Cuilcagh fjellpark har nyleg vorte slått saman med dei populære turistattraksjonane Marble Arch-grottene og Cladagh Glen naturreservat til Marble Arch Caves and Cuilcagh Mountain European Geopark.
Internasjonal status
endreCuilcagh og området rundt har trekt til seg internasjonal interesse. Både Marble Arch-grottene og Cuilcagh fjellpark har fått status som UNESCO Global Geopark sidan 2004 og fått finansiering frå EU.
Kjelder
endre- ↑ «Cuilcagh». Henta 19. mai 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Cuilcagh» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2007.