Culcitopsis borealis
pigghudart
Culcitopsis borealis er ei sjøstjerne i ordenen Valvatida. Ho liknar ei tjukk pute og er nesten femkanta på form. Ho vert kring 20 centimeter i diameter og er funnen på Lophelia-rev og på sand med skjelsand på djupner mellom 110 og 1 170 meter Det er uvisst kva arten et.
Culcitopsis borealis | |
Culcitopsis borealis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Pigghudingar Echinodermata |
Underrekkje: | Asterozoa |
Klasse: | Sjøstjerner Asteroidea |
Orden: | Spinulosida |
Familie: | Poraniidae |
Slekt: | Culcitopsis |
Art: | C. borealis |
Vitskapleg namn | |
Culcitopsis borealis |
C. borealis vart funnen fyrste gongen utanfor Shetland i juni 1905 under ei ferd med det tyske skipet Poseidon.
Aust i Atlanterhavet er C. borealis funnen ved norskekysten ved Troms og Nordmøre, ved Færøyane og sørover til Skottland, England, Portugal og Marokko. Vest i Atlanterhavet er arten funnen frå New Foundland og Georges Bank til New York.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Culcitopsis borealis skriven av Halldis Ringvold. Artikkelen vart utgjeven av Akvaplan-niva, Sea Snack Norway og Espen Rekdal Photography under lisensen CC BY 4.0. Henta 25. desember 2020.