Cupfinalen i fotball 1971/Menn

Cupfinalen i fotball 1971 var den 66. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 24. oktober 1971 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 000 tilskodarar. Rosenborg Ballklubb vann kongepokalen for tredje gong, sju år etter den forrige NM-triumfen. Seriemeisterlaget frå Trondheim slo Fredrikstad Fotballklubb 4–1. Kåre Sirevaag frå Viking FK var finaledommar.

Kampen

endre

Finalen var eit kvarter gammal då RBK-kapteinen Jan Christiansen nikka eit hjørnespark i mål frå kort hald. I det 14. minuttet av den andre omgangen la Arne Hanssen på til 2–0 med eit knallhardt skot frå 18 meter. Bjørn Wirkola nådde eit innlegg frå høgre før FFK-målvakta og auka til 3-0 frå 6-7 meter. Åge Johansen reduserte på straffespark etter hands. Fem minutt før full tid skåra Terje Mørkved RBK sitt fjerde mål, frå 2-3 meter og nok ein gong etter innlegg frå høgre.

Rosenborg sitt vinnarlag bestod av Geir Karlsen, Erling Meirik, Kåre Rønnes, Bjørn Rime, Knut Jenssen, Jan Christiansen (kaptein), Erling Næss, Arne Hanssen, Tore Lindseth, Bjørn Wirkola og Terje Mørkved. Etter ein times spel fekk Per Lorås plassen til ein småskadd Wirkola.

Fredrikstad stilte med Per Haftorsen, Tom Zakariassen, Bjørn Drillestad, Robert Nilsson, Erik Karlsen, Kai Nilsen, Yngve Nilsson, Terje Høili, Jan Fuglset, Åge Johansen og Bjørge Sandhaug. Frithjof Gjermundsen kom inn for ein skadd Yngve Nilsson etter 40 minutt.

Kjelder

endre