Cupfinalen i fotball 1972/Menn

Cupfinalen i fotball 1972 var den 65. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 22. oktober 1972 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 17 738 tilskodarar. Sportsklubben Brann frå Bergen vart norsk meister i fotball for tredje gong, 46 år etter den forrige finalesigeren. Laget frå Bergen slo Rosenborg BK frå Trondheim med 1–0. Kjell Wahlen frå IK Skeid dømde finalen.

Kampen

endre

Kampen vart spelt på ei hardfrosen bane i lett snøver. «Allerede etter 13 minutter kom avgjørelsen. Et innlegg fra Frode Larsen fra høyre passerte Roald Jensen, som hoppet over ballen.» Ballen gjekk vidare til Jan Erik Osland som «slo til på direkten fra 15 meter», ein markkrypar som fauk inn i hjørnet. Rosenborg hadde sine sjansar i ein fartsfylt kamp, utan nokon av spelarane makta skåre.

Brann sine norske meistrar: Oddvar Træen, Helge Karlsen, Rune Pedersen, Ole Kobbeltvedt, Tore Nordtvedt, Frode Larsen, [Erling Mikkelsen, Arnfinn Espeseth (kaptein), Roald Jensen, Kjell Øyasæter og Jan Erik Osland. Larsen og Mikkelsen vart bytta etter høvesvis 59 og 74 minutts spel, inn kom fyrst Torgeir Hauge og sidan Atle Bilsback.

Rosenborg stilte med Øivind Brynte Torp, Erling Meirik, Kåre Rønnes (kaptein), Bjørn Rime, Øystein Wormdal, Jan Christiansen, Anders Farstad, Tore Lindseth, Harald Sunde, Bjørn Wirkola og Arne Hanssen.

Kjelder

endre