Cupfinalen i fotball 1976/Menn
Cupfinalen i fotball 1976 var den 69. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 24. oktober 1976 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 22 834 tilskodarar. Sportsklubben Brann vart norsk meister i fotball for fjerde gong. Bergens-klubben sikra seg kongepokalen ved å vinne 2–1 over Sogndal Idrettslag, eit lag som spelte i tredje divisjon. Brann møtte ikkje eit einaste fyrstedivisjonslag i turneringa. Odd Johannessen frå Vang IL dømde finalen.
Kampen
endreKampen gjekk føre seg på «en gjennomvåt bane der spillerne løp rundt i sagfils til opp over støvelskaftene». [1] Etter ein mållaus fyrste omgang tok Brann føringa i det 65. minutt då Steinar Aase tuppa i mål eit skot frå Bjørn Tronstad. Sogndal utlikna då Knut Christiansen i det 80. minutt stanga eit langt hjørnespark i nettet frå bakre stolpe. Fem minutt før full tid dribla Tronstad av to Sogndal-spelarar før han runda Sogndal-målvakta og plasserte ballen i det tome målburet.
Laga
endreBrann sine norske meistrar: Jan Knudsen, Tore Nordtvedt, Atle Bilsbak, Per Egil Pedersen, Helge Karlsen, Egil Austbø (kaptein), Atle Hellesø, Neil MacLeod, Ingvald Huseklepp, Steinar Aase og Bjørn Tronstad. Frode Larsen spelte andre-omgangen i staden for Hellesø, medan Rune Pedersen tok over for Huseklepp i det 84. minutt.
Sogndal IL sitt historiske lag bestod av Leon Hovland, Willy Ljøsne, Jon Navarsete, Torodd Helle, Gunnar S. Håre, Rolf Navarsete, Ingvar Stadheim, Magdalon Sætre, Johan Johannessen, Svein Bakke (kaptein) og Knut Christiansen.