Cupfinalen i fotball 2004/Menn

Cupfinalen i fotball 2004 var den 97. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 7. november 2004 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 458 tilskodarar. Sportsklubben Brann frå Bergen vart norsk meister i fotball for sjette gong, 22 år etter den forrige finaletriumfen. Laget frå Bergen slo Ski- og fotballklubben Lyn frå Oslo med heile 4–1. Espen Berntsen frå Vang dømde finalen.

Kampen

endre

Finalen opna med fire skåringar i løpet av dei 13 fyrste minutta. Bengt Sæternes og skotten Robbie Winters gav Brann leiinga 2–0 før kampen var åtte minutt gammal, svensken Peter Markstedt reduserte til 1–2 i det 11. minutt. Allereie to minutt seinare la Sæternes på til 3–1. Same karen auka til 4–1 i det 34.minutt. Andreomgangen vart verande mållaus.

Brann sitt meisterlag bestod av: Håkon Opdal, Jan Tore Ophaug, Olafur Bjarnason, Ragnvald Soma, Erlend Hanstveit (kaptein), Martin Knudsen, Helge Haugen, Paul Scharner, Raymond Kvisvik, Robbie Winters, Bengt Sæternes. I løpet av dei siste 13 minutta kom etter tur Tom Sanne, Charlie Miller og Arve Walde i spel, alt medan høvesvis Knudsen, Winters og Kvisvik steig av bana.

Lyn-mannskapet: Ali Al-Habsi, Kristian Onstad, Tommy Berntsen (kaptein), Steven Lustü, Yngvar Håkonsen, Tomasz Sokolowski, Øyvind Leonhardsen, Mounir Hamoud, Lars-Kristian Eriksen, Peter Markstedt, Jan Derek Sørensen. Innbytarane Christoffer Dahl, Ji-ho Cha og Ole Bjørn Sundgot fekk med seg heile, eller delar av den andre omgangen.

Kjelder

endre