Cupfinalen i fotball 1986/Menn
Cupfinalen i fotball 1986 var den 81. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Tromsø Idrettslag vart noregsmeister då laget vann 4–1 over Lillestrøm Sportsklubb. Finalekampen vart spelt 26. oktober 1986 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 22 000 tilskodarar. Egil Nervik frå Freidig dømde kampen. Tromsø IL spelte NM-finale for aller fyrste gong i idrettslagets historie.
Kampen
endreI det 2. minutt smelte Tromsøs Nils Solstad til frå langt hald og ballen dal ned i målet bak målvakta til Lillestrøm. Berre seks minutt seinare la kapteinen, midtspissen Lars Espejord på til 2 – 0. Etter 51 minutts spel reduserte Bård Bjerkeland for Lillestrøm. Eit kvarter seinare auka Truls Jenssen til 3-1, før Tore Rismo fastsette sluttsiffera til siger 4 – 1 for Tromsø IL.
Laga
endreTromsø sitt historiske vinnarlag bestod av Bjarte Flem, Nils Solstad, Tore Nilsen, Tor H. Pedersen, Trond Steinar Albertsen, Truls Jenssen, Tore Rismo, Sigmund Forfang, Lars Espejord (kaptein), Trond Johansen og Per-Mathias Høgmo. I sluttminutta entra Yngvar Bendiksen og målvakta Gunnar Gamst bana.
Lillestrøm mønstra Arne Amundsen, Ole Dyrstad, Tor Inge Smedås, Bård Bjerkeland, Gunnar Halle, Rune Richardsen, Kjetil Osvold, Tom Sundby, Bjarne Sognnæs, Sten Glenn Håberg og André Krogsæter.