Kjetil Osvold

norsk fotballspelar

Kjetil Osvold (fødd 5. juni 1961) er ein tidlegare fotballspelar frå Ålesund som hadde størst suksess då ha spela for klubbane IK Start og Lillestrøm Sportsklubb. Osvold, som spela på midtbanen, var kjent for sin slepne teknikk og sine eigenskapar som playmaker. Mellom 1984 og 1989 spela han 37 landskampar for Noreg og skåra tre mål.

Kjetil Osvold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juni 1961 (62 år)
Ålesund kommune
Idrett fotball

Etter at han la opp som fotballspelar har Osvold arbeidd som seljar i ulike bransjar, mellom anna som fotballagent.

Klubbspel endre

Osvold spela på tredjedivisjons-klubben Skarbøvik Idrettsforening frå 1978 til 1980. Klubben var nær ved å rykke opp i 2. divisjon, men mislukkast i kvalifiseringskampar. Sesongane 1981-84 spela han på den norske toppklubben Start, klubben kom på tredjeplass i serien både i 1983 og 1984. Deretter spela han for Lillestrøm i to sesongar. I den fyrste sesongen for Lillestrøm vann klubben cupmeisterskapen, i den andre sesongen gjekk klubben til topps i kampen om seriegullet.

I desember 1986 vart Osvolda overført til den engelske toppserieklubben Nottingham Forest for 90 000 engelske pund, eit lag leia av Brian Clough. Osvold debuterte 27. april 1987, men klarte aldri spele seg inn på laget. Han spela så ein månad for Leicester City, totalt vart det berre 11 kampar i England. 1988-sesongen spela han for den svenske klubben Djurgården, sesongen etter for den greske toppklubben PAOK Saloniki.

Frå våren 1990 var Osvold atter i Lillestrøm, der han spela tre sesongar. I sin siste sesong som fotballspelar, 1993, var han kaptein for Oslo-klubben Skeid som berga plassen i 2. divisjon.

Landslagsspel endre

Osvold debuterte for Noreg 17. desember 1984 i ein privatlandskamp mot Egypt i Kairo. Kampen enda med norsk siger 1-0. Gjennombrot på landslaget fekk han fyrst i 1986-sesongen. I sin sjette A-landskamp, den 30. april 1986, tok han på Ullevål stadion ein «tunnel» på Argentinas legandariske spelar Diego Maradona og vart matchvinnar då han skåra kampens einaste mål. For Argentina var landskampen ein treningskamp i forkant av VM i fotball 1986, ein meisterskap som enda med at Argentina vart verdsmeister.

Osvold skåra to mål i kvalfiseringskampar til VM 1990. Begge måla kom i kampar mot Kypros, fyrst i bortekampen i Limassol hausten 1988 og så i heimekampen våren 1989. Begge kampane enda med norsk siger. Han spela sin siste landskamp 22. august 1989 på Ullevål stadion, då det vart 0-0 mot Hellas.

Merittar endre

  • Seriebronse 1983 og 1984 med Start
  • Seriesølv 1985 med Lillestrøm
  • NM-gull 1985 med Lillestrøm
  • Seriemeister 1986 med Lillestrøm
  • NM-sølv 1986 med Lillestrøm

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar