Knoppsvane

art av andefuglar
(Omdirigert frå Cygnus olor)
Knoppsvane
Knoppsvane
Knoppsvane
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Knoppsvane
Utbreiinga av Knoppsvane
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Slekt: Cygnus
Art: Knoppsvane C. olor
Vitskapleg namn
Cygnus olor

Knoppsvane (Cygnus olor) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg. Svana er kvit med ein svart flekk ved nebbrota. Nebbet er gulraudt med ein kraftig nebbknute. Fuglen kan verte 152 cm lang. Den lange halsen gjer at dei kan beite ned til ein meter under vassyta. Dei beiter og på land. Føda er mest algar og vassplantar.

Utbreiing endre

Ein finn knoppsvaner frå Vest-Europa og flekkvis austover til Kina. Utsetting har ført til førekomstar på fleire kontinent. Den norske bestanden stammar truleg frå utsette fuglar. Første påviste hekking i Noreg var i Rogaland i 1926. I 1971 var hekkebestanden 25–30 par og i 1990 om lag 450 par. Talet på fuglar ser framleis ut til å auke. Knoppsvana hekkar i låglandet på Austlandet og langs kysten til Rogaland.[2]

Knoppsvana legg reiret i tett vegetasjon eller på små holmar. Dei 5 til 9 grågrøne egga er opp til 124 mm lange. Båe fuglane rugar i om lag 5 veker. Ungane sym me foreldra kort etter klekkinga. Dei er flygedyktige etter 4–5 månader.

Knoppsvana held seg ofte nær reirplassen heile året. Dette gjeld særleg fuglar i Rogaland. Lenger aust trekker dei delvis til Danmark om vinteren. Dei vender oftast attende til same reirområde så snart isen er borte.

Eldste fuglen ein kjenner til etter ringmerking i Noreg er 17 år og 7 månader.

Mange knoppsvaner misser livet ved samanstøyt med elektriske leidningar.

Knoppsvana er kjelda til førestilling om at ho syng ein svanesong når ho døyr.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 82-90054-65-3
  • Norges dyr. Bind VI. J.W.Cappelens forlag 1972
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av knoppsvane Cygnus olor for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre