DS «Arcturus» (1910)
Karriere | ![]() |
---|---|
Namn: | DS «Arcturus» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted i Berge |
Byggekostnad: | 283 507 kr[1] |
Verftsnummer: | 166 |
Jomfrutur: | Desember 1910 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | MGJF - LCHH |
Lagnad: | Torpedert 1939 |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 1 277 brt, 757 nrt |
Daudvekt: | 1 850 tdw. |
Lengd: | 70,1 m |
Breidd: | 10,7 m |
Djupgang: | 4,9 m |
Installert effekt : | 630 iHk, 145 nHk |
Framdrift: | 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (BMV) |
Fart: | 13 knop |
DS «Arcturus» (kallesignal MGJF - LCHH) var eit dampskip bygt i 1910 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie
endreSkipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 283 507 kr[1] då det vart levert i desember 1910.[2] Skipet gjekk i rute Trondheim-Vestlandet-London.[3]
Kl 0945 den 1. desember 1939 vart skipet torpedert og senka av den tyske ubåten «U 31» med kapteinløytnant Johannes Habekost. Skipet var då på veg frå London til Stavanger med kol. Torpedoen trefte akter på babord side og skipet byrja å søkkje med ein gong. To av livbåtane vart øydelagde, men to flåtar kom klar, medan skipet sokk på to minutt. Ni av mannskapet klarte ikkje å nå flåtane og omkom. Åtte andre kom seg på dei to flåtane og batt dei saman. Morgonen etter vart dei oppdaga av eit britisk fly, som sende eit dansk fartøy (D/S «Ivar») til posisjonen deira og berga dei til Fredrikshavn i Danmark.[3]
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 1 277 bruttoregistertonn og 757 nettoregistertonn og lasteevna var 1 850 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 323 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 630 iHk (indikerte hestekrefter) og 145 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13 knop.[1]
I 1930 vart det sett inn straumlinjeror. I 1932 vart mastene avkutta for å setje inn manchesterbru og i 1933 fekk båten radio. Ein ny radio og eit peileapparat vart sett inn i 1938.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «D/S Arcturus». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 28. desember 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «D/S Arcturus». Warsailors.com. Henta 28. desember 2019.