DS «Castor» (1909)

norsk dampskip frå 1909
Karriere  Noreg
Namn: DS «Castor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad
Byggekostnad: 309 758 kr[1]
Verftsnummer: 70
Jomfrutur: Juni 1909
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MFNV
Lagnad: Minesprengt 1915
Generelle mål
Tonnasje: 1 313 brt, 788 nrt
Daudvekt: 1 678 tdw.
Lengd: 71,6 m
Breidd: 10,4 m
Djupgang: 4,4 m
Installert effekt : 850 iHk, 153 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 11 knop
Passasjerar: 36 passasjerar

DS «Castor» (kallesignal MFNV) var eit dampskip bygt i 1909 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie endre

Skipet vart bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad og kosta 309 758 kr[1] då det vart levert i juni 1909. Skipet gjekk i godsruta til Hamburg. 10. januar 1915 var skipet på veg frå Stavanger til Hamburg då det kom inn i eit minefelt ved Lister Tief nær Helgoland. Skipet gjekk på ei mine og éin fyrbøtar omkom. Besetninga vart berga av den tyske jagaren V 28. Skipet dreiv så på ei anna mine og sokk. Dette var det første krigsforliset for Bergenske.[2]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 313 bruttoregistertonn og 788 nettoregistertonn og lasteevna var 1 678 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 261 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 850 iHk (indikerte hestekrefter) og 153 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.[1]

I 1909 var det rom til 20 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 16 på 3. plass. I 1912 var det 10 eller 16 passasjerar på 1. plass og 16 på 3. plass.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 28. desember 2019.