DS «Estrella» (1912)

norsk dampskip frå 1912
DS Estrella (1914-1918).jpg
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Sanwarine»
Eigar: Sanwarine Steamship Co. (R.A. Sanderson & Co)
Verft: Clyde S. B. & Eng. Co. Ltd. i Port Glasgow i Skottland
Verftsnummer: 300
Jomfrutur: November 1912
Heimehamn: Manchester
Kjennemerke: MKNH
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 757 brt. 892 nrt
Daudvekt: 3 050 tdw.
Lengd: 280.5 fot (85.5 m)
Breidd: 42.2 fot (12.9 m)
Djupgang: 16.6 fot (5.1 m)
Installert effekt : 217 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Clyde SB&E)
Fart: 10.5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Estrella»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verftsnummer: 300
Kjøpt: Februar 1914 for 520 504 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Minesprengt mars 1918

DS «Sanwarine» (kallesignal MKNH) var eit dampskip bygt i 1912 som lasteskip for Sanwarine Steamship Co. i Manchester i Storbritannia.

I februar 1914 vart dette skipet og DS «Cometa» kjøpt inn av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og var det største skipet i flåten til BDS til då.

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Clyde S. B. & Eng. Co. Ltd. i Glasgow i Skottland.[1] då det vart levert i november 1912.[2]

I februar 1914 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 520 504 kroner[1] og var både det dyraste og største skipet BDS hadde i flåten sin til då.

I 1917 vart skipet rekvirert av britane og Shipping Controller under første verdskrigen og vart drive av Elder, Dempster & Co. i London. 5. mars 1918 gjekk «Estrella» på ei mine fem nautiske mil sørvest av Shipwash fyr utanfor Harwich på reise frå Le Havre til Tyne i ballast. 20 personar omkom.[1] Mina var lagt ut same dagen av den tyske ubåten «UC 4».[2]

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 757 brt, 892 nrt og lasteevna var 3 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 685 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E i Glasgow. Oppgjeven yting var 217 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop knop.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 2. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 2. januar 2020.