DS «Mercur» (1883)
DS «Mercur» | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Kong Dag» |
Eigar: | Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab |
Verft: | Motala Mek. Verkstad i Göteborg |
Byggekostnad: | 350 435 kr.[1] |
Jomfrutur: | 1883 |
Heimehamn: | Kristiania |
Kjennemerke: | JVTL/LEUS |
Lagnad: | Søkkt av tyske bombefly i 1940 |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 989 brt, 569 nrt |
Daudvekt: | 750 dwt |
Lengd: | 63,1 m |
Breidd: | 9,0 m |
Djupgang: | 6,6 m |
Installert effekt : | 850 iHk |
Framdrift: | 2cyl. Comp. (Motala MV) |
Fart: | 11,5 knop |
Mannskap: | 28 (1907) |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Mercur» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | 1886 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Eigar: | Einar Cook |
Kjøpt: | Januar 1939 for nedrigging til lekter |
Heimehamn: | Bergen |
Generelle mål etter nedrigging | |
Karriere | Noreg |
Namn: | «Else» |
Eigar: | Kristiania-Portland Cementfabrik |
Kjøpt: | 1939 |
Heimehamn: | Oslo |
Karriere | Noreg |
Eigar: | Johan Nilsen |
Kjøpt: | 1951 |
Heimehamn: | Fredrikstad |
Karriere | Belgia |
Lagnad: | ukjend, mogeleg elvelekter |
DS «Mercur» (kallesignal HDGB / LFXA) var et kombinert laste- og passasjerskip som ble overlevert i 1883 som DS «Kong Dag» til Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab (DSND) i Oslo. Skipet var byggnummer 188 ved Lindholmen varv som var eigd av Motala Verkstad i Göteborg i Sverige. Ho gjekk i rute mellom Oslo og Hamburg til 1889 då skipet vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet vart omdøypt «Mercur» og sett inn på ruta Bergen – Newcastle i England. På 1930-talet gjekk ho i kystruter, og vart også nytta som avløysarskip i hurtigruta. I 1939 vart skipa nedrigga til lekter og omdøypt «Else». I 1952 vart ho seld til Belgia. Den vidare lagnaden på skipet er ukjent.
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Merkur er den minste planeten i solsystemet vårt.
Historie
endreEtter å ha gått i ruta Oslo – Hamburg for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab under namnet «Kong Dag», vart skipet i august 1889 kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab. I november same året vart ho omdøypt til DS «Mercur», og i 1900 vart ho sett inn på ruta Bergen – Newcastle. Etter ei grunnstøyting i 1906 gjennomgjekk DS «Mercur» ein hovudreparasjon og fekk nye salongar og master. 22. oktober 1919 var skipa undervegs frå Trondheim til Bergen med stykkgods då ho grunnstøytte og sokk ved Leksa i Trondheimsfjorden. DS «Mercur» vart heva i juli 1920 og slept til Mjellem & Karlsen Verft i Bergen for reparasjon. Skipet fekk ny innreiing, og i 1922 var ho ferdig reparert. DS «Mercur» gjekk i kombinertruta langs norskekysten, og var òg avløysarskip i hurtigruta på 1930-talet. 11. januar 1939 kjøpte Einar Cook i Bergen skipet, rigga henne ned til lekter. Lekteren vart seld til Kristiania Portland Cementfabrik i Oslo seinare same år, og omdøypt «Else». I 1951 kjøpte Johan Nilsen i Fredrikstad lekteren, og i februar 1952 vart han selt til Belgia. Den vidare lagnaren er ukjend.
Skipet
endreDS «Mercur» hadde ein tonnasje ved levering på 989 bruttoregistertonn, 569 nettoregistertonn, og lasteevna var 750 dødvekttonn. Lasteromma var plasserte forut og akter, og volumet var på totalt 934 m³. Lasting og lossing føregjekk ved hjelp av ei kran forut og ei kran akter. Hovudmaskina var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin med yting på 850 ihk (indikerte hestekrefter), og 165 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 11,5 knop. I 1902 vart hovudmaskina ombygd med ny høgtrykksylinder og ny foring i lågtrykkssylinderen. Samstundes vart ny donkeykjele (separat kjele til hjelpemaskineri) installert, passasjersalongane vart ominnreidd, og skipet fekk nye anker utan tverrstokkar (stockless). I 1911 vart DS «Mercur» det første skipet i Det Bergenske Dampskibsselskab som fekk installert overheitar (superheater) i kjelen. Ved levering hadde skipet 33 køyeplassar på 1. plass (1. klasse), 13 på 2. plass, og seks på 3. plass. Etter ombygginga i 1921 var DS «Mercur» eit toklasse-skip, og hadde 31 køyeplassar på 1. plass og 36 på 2. plass. I 1907 var skipet sertifisert for 270 passasjerar i kystfart og 91 i europeisk fart.
Sjå òg
endreLitteratur
endre- Aarbog for Norges handelsmarine 1907 (side 134) - Sjøfartskontoret, Kristiania 1908. BIBSYS objektid: 920739016
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «DS «Mercur»» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Skipsmagasinet - Hurtigrutene.info: DS Mercur (HDGB/LFXA) Besøkt 13. november 2018
- Mike Bents hurtigruteside – DS Mercur (engelsk) Besøkt 13. november 2018
- Sjøhistorisk database – D/S Mercur 1883 Besøkt 13. november 2018
- ↑ «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.