DS «Storstad»
DS «Storstad» var eit 6 000 tonns norsk tørrlasteskip som dreiv med kolfrakt frå 1910 til 1917. Det er mest kjend for samanstøyten med RMS «Empress of Ireland» på St. Lawrence-elva i Canada 29. mai 1914. Skipet blei seinare senkt under første verdskrigen.
SS «Storstad» | ||||
---|---|---|---|---|
DS «Storstad» skadd etter forliset i Montreal i 1914. | ||||
Karriere
|
||||
Type: | collier | |||
Eigar: |
A/S Maritim Canadian Pacific Railway (1914) | |||
Operatør: | A. F. Klaveness & Co | |||
Byggherre: | Armstrong, Whitworth & Co Ltd, Newcastle upon Tyne | |||
Verft: | Armstrong Whitworth | |||
Byggjenummer: | 824 | |||
Sjøsett: | 1910 | |||
Sett i teneste: | 1911 | |||
Heimehamn: | Christiania i Noreg | |||
Lagnad: | Torpedert av U-62 8. mars 1917 og gjekk ned | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Tonnasje: | 6 028 tonn | |||
Daudvekt: | 11 000 daudvekttonn | |||
Lengd: | 134m (439' 6") m | |||
Djupgang: | 7,5 meter |
Skipet var bygd i Newcastle upon Tyne av Armstrong, Whitworth & Co Ltd. Det tilhøyrde det norske reiarlaget A.F. Klaveness & Co.
Under ei reise frå Sydney på Nova Scotia til Quebec med ei kollast frå Dominion Coal Company støtte «Storstad» saman med RMS «Empress of Ireland» på St. Lawrence-elva nær Pointe-au-Père 29. mai 1914. Med eit 14 fot langt hol i skroget fekk «Empress of Ireland» slagside og sokk i løpet av 14 minutt. Heile 1 024 av passasjerane og mannskapet døydde, medan 473 personar overlevde i det som lenge var den største sjøfartssulukka nokonsinne. DS «Storstad» blei stygt skadd i samanstøytet, men redda fleire av dei forliste og kom seg til land.
Etter forliset forlanga eigarane av begge skipa erstatning frå kvarandre. Ei kanadisk gransking gav førarane av «Storstad» hovudskulda for foliset, og skipet blei teke i varetekt av kanadiske styresmakter og til slutt gjeve til Canadian Pacific Railway som del av oppgjeret. Skipet blei seld på auksjon til Ole Wikborg, ein representant for forsikringsselskapa Vidar og Skuld som hadde forsikra båten. Prisen på 175 000 dollar blei haldne tilbake i påvente av granskingsutfallet. Etter auksjonen kunne «Storstad» reparerast og bli sett i drift att, med same mannskap som før.
Under første verdskrigen blei DS «Storstad» torpedert av ein tysk ubåt i Atlanterhavet sørvest for Irland den 8. mars 1917. Skipet sokk, mannskapet gjekk i livbåtane og blei redda tre dagar seinare.
Kjelder
endre- Kjetil Saugestad, «Det juridiske etterspillet», nrk.no (05.01.2012)
- Kjetil Saugestad og Silje Martinsen Wettre, «Tragedie med norske syndebukker», nrk.no (05.01.2012)
- Denne artikkelen bygger på «DS «Storstad»» frå Wikipedia på engelsk, og «SS «Storstad»» frå Wikipedia på bokmål den 28. juni 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Tragedie med norske syndebukker. nrk.no. 5. januar 2012.
- The Collision between the S/S Empress of Ireland and the S/S Storstad, norwayheritage.com
- SS Storstad, Wrecksite.eu