RMS «Empress of Ireland»

RMS «Empress of Ireland» var eit britisk linjeskip som gjekk ned i St. Lawrence-elva i Canada i morgontimane 29. mai 1914. 1 012 av dei 1 477 menneska som var ombord omkom. Dette var i lang tid det største tapet av menneskeliv til sjøs, og er framleis den største sjøfartsulukka i kanadisk historie i fredstid.

RMS «Empress of Ireland»
Karriere
Type: transatlantisk linjeskip, dampskip, passasjerskip, senket skip
Eigar: Canadian Pacific Steamship Company
Registreringshamn: Liverpool
Byggherre: Fairfield Shipbuilding and Engineering Company, Govan i Scotland
Verft: Fairfield Shipbuilding and Engineering Company
Byggjenummer: 443
Sjøsett: 27. januar 1906
Jomfrutur: 29. juni 1906
Heimehamn: Liverpool
Lagnad: Sokk etter kollisjon med «Storstad» 29. mai 1914
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 14 191 tonn
Lengd: 549 fot (170 meter) m
Dekkbreidde: 20 meter}
Djupgang: 8,23 meter
Fart: 20 knop

«Empress of Ireland» gjekk i linje mellom Canada og Storbritanna med post, passasjerar og last. I mai 1914 var «Empress of Ireland» på veg frå Quebec til Liverpool. Ho hadde plukka opp posten og teke avskjed med losen i Rimouski, og var nær Pointe-au-Père i den vide St. Lawrence-elva då ei tjukk skodde plutseleg hindra sikt. På skipet hadde dei tidlegare sett lysa frå det norske dampskipet «Storstad» fleire kilometer unna, men rekna ikkje med at det var fare for kollisjon. Derfor var det eit stort sjokk då «Storstad» om lag 02:00 dukka opp frå skodda nokre hundre meter frå «Empress of Ireland» og ramma skipet i sida.

Førarane av begge skipa meinte det andre hadde gjort feil. Thom Andersen, som var kaptein på «Storstad», hevda at «Empress of Ireland» hadde gjeve signal om at skipa skulle passera babord mot babord, etter vanleg skikk. Kaptein Henry Kendall på «Empress of Ireland» meinte derimot at «Storstad» hadde gjeve signal om at skipa skulle passera styrbord mot styrbord.

«Empress of Ireland» sokk raskt. Mange av kuauga på skipet var opne, og vatn strøymde inn. Ein del av dei som var ombord vakna og kom seg i livbåtar, men bere tre kunne firast ned før skipet krenga kraftig. Det la seg på styrbord side, og fleire hundre kom seg ut gjennom kuauge. Rundt 14 minutt etter samanstøytet sokk skipet, og dei som låg oppå blei kasta uti det iskalde vatnet. Dei fleste passasjerane drukna i lugarane sine.

Ombord i skipet hadde det vore ein utforskar (Henry Seton-Karr), skodespelarar, forretningsfolk, 167 medlemmer av Frelsesarmeen på veg til ein internasjonal kongress i London, og mange europearar som hadde utvandra til Canada og no var på veg til heimlanda sine, mellom anna 21 nordmenn. Berre 7 av desse overlevde.

Etter forliset forlanga eigarane av begge skipa erstatning frå kvarandre. Ei kanadisk gransking gav førarane av «Storstad» hovudskulda for forliset, sjølv om seinare undersøkingar har sådd noko tvil om dette.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre