Da vi styrte landet
Da vi styrte landet er ein norsk portrettserie på seks episodar som blei vist på NRK1 hausten 2017. Serien tok for seg statsministerperiodane til seks av sju dålevande norske statsministarar: Kåre Willoch, Gro Harlem Brundtland, Thorbjørn Jagland, Kjell Magne Bondevik, Jens Stoltenberg og Erna Solberg. Dette skjedde gjennom arkivklipp, intervju og felles samtale rundt eit middagsbord.[1] Oddvar Nordli var sjuk under innspelinga og kunne difor ikkje delta.[2]
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | portrettprogram | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Episodar | 6 | ||
Lengd | 40 minutt | ||
Språk | norsk | ||
Produsent | Hans Lukas Hansen Marie Sjo | ||
Regi | Tommy Gulliksen | ||
Kanal | NRK1 |
Serien vann prisen for «årets nyskapning» under Gullruten 2018[3] og var i tillegg nominert i klassene «beste dokumentarserie» og «beste regi - enkamera».[4][5]
Kjelder
endre- ↑ «Da vi styrte landet (1:6) Premiere!». nrk.no. 16. oktober 2018. Henta 29. april 2018.
- ↑ «Historisk måltid: Samlet seks statsministre til middag». ABC Nyheter. 6. april 2017. Henta 23. desember 2023.
- ↑ «GULLRUTEN 2018». nrk.no. 5. mai 2018. Henta 6. mai 2018.
- ↑ «Dette er de nominerte til Gullruten 2018». nrk.no. 22. mars 2018. Henta 29. april 2018.
- ↑ «Gullrutens fagpriser – de nominerte». 22. mars 2018. Henta 29. april 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Da vi styrte landet» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Da vi styrte landet hos NRK TV.
- Da vi styrte landet hos The Internet Movie Database.
- Da vi styrte landet hos The Movie Database.