Dactylorhiza elata
Dactylorhiza elata | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. elata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza elata
(Poir.) Soó
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Sørvestlege og vestlege Europa og nordvestlege Afrika |
Dactylorhiza elata er ei plante i med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreI Plants of the World Online er D. elata definert som ein eigen art utan underartar.[1] Det same gjeld WFO – The World Flora Online.[2] Tidlegare har ein operert med dei to underartane:
- Dactylorhiza elata ssp. elata - Spania og Nord-Afrika
- Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis (Willd.) Soó - Frankrike, Spania, Portugal og Sardinia
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått bort frå å definere denne som ein eigen art, men reknar han til kongsmarihand-gruppa D. majalis som underarten D. majalis ssp. sesquipedalis.[3] Heile denne gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[4]
I Nederland er han framleis rekna som ein eigen art, lokalt representert ved underarten D. elata ssp. sesquipedalis (nederlandsk namn grote rietorchis).[5]
Utbreiing
endreHovudutbreiinga for arten er dei vestlege Middelhavslanda i Europa og Afrika. Arten er registrert i Nederland med eit funn på 1980-talet heilt sør på kysten.[5] Han er ikkje raudlistevurdert der.
Hybridar
endreI Nederland er det òg registrert eit funn frå 1980-talet av ein hybrid med stormarihand (Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis × praetermissa eller Dactylorhiza ×paridaeniana).[6]
Referansar
endre- ↑ «PoWO: Dactylorhiza elata». Plants of the World Online. Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Dactylorhiza elata», World Flora Online, henta 29. februar 2024
- ↑ Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8.
- ↑ Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269.
- ↑ 5,0 5,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza elata subsp. sesquipedalis». FLORON. Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × paridaeniana». FLORON. Henta 18. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Dactylorhiza elata i Encyclopedia of Life
- (en) Dactylorhiza elata i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Dactylorhiza elata hos NCBI
- (en) Dactylorhiza elata hos The International Plant Names Index
- (en) Dactylorhiza elata hos Tropicos
- (en) Kategori:Dactylorhiza elata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Dactylorhiza elata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Dactylorhiza elata – detaljert informasjon på Wikispecies