Stormarihand
Stormarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. praetermissa | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza praetermissa
(Druce) Soó
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | nordlege og vestlege Europa |
Stormarihand (Dactylorhiza praetermissa) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk
endreDenne orkideen er i somme kjelder rekna som ein underart av kongsmarihand med namnet D. majalis ssp. praetermissa. I den norske Artsdatabanken står han med artsnamnet D. praetermissa, og det same gjer han i Estland.[1]
I Gyldendals store nordiske flora er D. majalis ssp. integrata ført opp med det norske namnet stormarihand.[2] Hedrén mfl. (2012) seier at dette er den same orkideen som Artsdatabanken kallar stormarihand, og som er registrert med eit omdiskutert funn på Stadlandet,[3][4] eit funn som blir avvist av Hedrén.[5]
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) er artsnamnet D. praetermissa (og dermed òg underartsnamnet D. majalis ssp. praetermissa) avvist og ført opp som synonym til D. majalis ssp. integrata.[6] Omvendt nemner WFO – The World Flora Online og Plants of the World Online planta som D. majalis ssp. praetermissa (med D. majalis ssp. integrata og D. praetermissa som synonymnamn).[7][8]
I Nederland er det oppført ein varietet D. praetermissa var. junialis, som er ganske vanleg over heile landet.[9] Dette er den same planta som i Sverige og Danmark har namnet D. majalis ssp. integrata var. junialis. I Belgia er arten ført opp med dei to underartane D. praetermissa ssp. praetermissa og D. praetermissa ssp. integrata.[10]
Utbreiing
endrePå dei britiske øyane er stormarihand (engelsk namn southern marsh orchid) vanleg i England og Wales. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[11] på same måte som lokalt i England og Wales.[12][13]
I Estland er stormarihand (estisk namn lääne-sõrmkäpp) registrert med nokre få funn på Saaremaa og er rekna som kritisk truga [CR].[1]
I Benelux er stormarihand (nederlandsk namn rietorchis, fransk namn orchis négligé) ganske vanleg i Nederland, mest i kystnære strøk. I Flandern i Belgia veks han noko meir spreidd, mest i kystnære strøk, medan han er svært sjeldan i Vallonia.[14][15] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[16] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[17][10] I Luxembourg er han òg rekna som kritisk truga (CR).[18]
Hybridar
endreHybridar mellom stormarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. praetermissa) er registrert i England og Wales, men er ganske sjeldne.[19] Han er òg registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza incarnata × praetermissa).[20]
Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. praetermissa eller Dactylorhiza ×grandis nothossp. grandis)[21] er ganske vanlege og er truleg den vanlegaste orkidéhybriden i det sørlege England.[19] Denne er òg kjend frå Nederland (der som Dactylorhiza fuchsii × praetermissa eller Dactylorhiza ×grandis).[22] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. praetermissa) er på langt nær like vanleg i England,[19] men er noko vanlegare i Nederland (der som Dactylorhiza maculata × praetermissa eller Dactylorhiza ×hallii).[23]
Hybridar med smalmarihand er registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola).[24] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × majalis ssp. purpurella eller Dactylorhiza ×salteri)[25] er svært sjeldne og er berre funne i Wales. I England er det òg funne hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis.[19] I Nederland har ein registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. majalis (Dactylorhiza majalis ssp. majalis × majalis ssp. praetermissa eller Dactylorhiza majalis nothossp. godferyana, alternativt Dactylorhiza ×godferyana).[26][27] Dette er då truleg den same som òg er funnen i Danmark (der med namnet Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis).[28]
I Nederland er det òg registrert eit funn frå 1980-talet av ein hybrid med Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis (Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis × praetermissa eller Dactylorhiza ×paridaeniana).[29]
Stormarihand kan òg danne intergeneriske hybridar (hybrid mellom ulike slekter) med praktbrudespore (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia densiflora eller ×Dactylodenia ettlingeriana)[30] og med grannbrudespore (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia borealis eller ×Dactylodenia lacerta).[31] Dei er registrerte i Sør-England.[19]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «eElurikkus: Dactylorhiza praettermissa» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ Bo Mossberg og Lennart Stenberg (2018). Gyldendals store nordiske flora. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 117. ISBN 978-82-05-51139-2.
- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar stormarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Artskart: Stormarihand». Artsdatabanken. Henta 29. februar 2024.
- ↑ Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269.
- ↑ Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8.
- ↑ «Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa», World Flora Online, henta 19. februar 2023
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa». Plants of the World Online. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza praetermissa var. junialis». FLORON. Henta 18. januar 2024.
- ↑ 10,0 10,1 «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza praetermissa». FLORON. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Rietorchis – Dactylorhiza praetermissa ». Waarnemingen.be. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata × praetermissa». FLORON. Henta 16. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × grandis nothovar. grandis». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × grandis». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × hallii». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza praetermissa × sphagnicola ». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × salteri». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × majalis nothosubsp. godferyana». Plants of the World Online. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × godferyana». FLORON. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «Naturbasen: Ringplettet Gøgeurt × Maj-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis». Naturbasen. Henta 5. mars 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × paridaeniana». FLORON. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia ettlingeriana». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia lacerta». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) stormarihand hos Artsdatabanken
- (en) stormarihand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) stormarihand i Encyclopedia of Life
- (en) stormarihand i Global Biodiversity Information Facility
- (en) stormarihand hos NCBI
- (en) stormarihand hos The International Plant Names Index
- (en) stormarihand hos Tropicos
- (en) Kategori:Dactylorhiza praetermissa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Dactylorhiza praetermissa – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Dactylorhiza praetermissa – detaljert informasjon på Wikispecies