Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis
Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. majalis | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis
(Pugsley) R.M.Bateman & Denholm
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik våt myr, strandeng | ||
Utbreiing: | Dei britiske øyane |
Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk
endreDactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]
På dei britiske øyane er denne planta (engelsk namn Pugsley's marsh orchid) klassifisert som ein art, Dactylorhiza traunsteineroidis (tidlegare rekna til Dactylorhiza traunsteineri, som har synt seg å vere ein reint mellomeuropeisk art). I Skottland har ein tidlegare rekna med ein underart D. t. ssp. lapponica (engelsk namn Lapland marsh orchid), som ikkje er identisk med vår lappmarihand. Desse plantene blir no rekna som ein varietet, var. lapponica.[2][3]
I Storbritannia har ein tradisjonelt rekna planter på Hebridane (engelsk namn Hebridian marsh orchid) som eit eige taxon endemisk for området, anten som varietet (Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis var. ebudensis), underart (Dactylorhiza occidentalis ssp. ebudensis) eller art (Dactylorhiza ebudensis).[2][4] I den siste utgåva av New Flora of the British Isles (2019) er taxonet innlemma i D. traunsteineroidis,[5] men ved raudlistevurderinga i 2021 har ein valt førebels å halde fast på dei to artsnamna.[3]
Utbreiing
endreDactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis er rekna for å dere endemisk for Dei britiske øyane. Det er likevel mogleg at ein populasjon på flyplassområdet på Sola, kalla solamarihand, høyrer til denne underarten.[6][1]
På Dei britiske øyane er Dactylorhiza traunsteineroidis rekna som livskraftig (LC) i både den britiske og den irske raudlista,[3][7] på same måte som lokalt i England og Wales,[8][9] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[10]
Dactylorhiza ebudensis er rekna som sårbar (VU) i den britiske raudlista og lokalt i Skottland.[3][10]
Hybridar
endreHybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. traunsteineroidis) er registrert i Yorkshire, Wales og Irland, men er ganske sjeldne. Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. traunsteineroidis) og med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. traunsteineroidis) er registrerte i Yorkshire, Nordvest-Wales og Irland. I England er det òg funne hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa.[2]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ R.M. Bateman og I. Denholm (1995). «The ‘Hebridean Marsh-Orchid’: Nomenclatural and conceptual clarification of a biological enigma». Edinburgh Journal of Botany 52 (1): 55–63. ISSN 1474-0036. doi:10.1017/S0960428600001918.
- ↑ Clive A. Stace (2019). New Flora of the British Isles (4. utg.). Stowmarket, UK: C&M Floristics. ISBN 9781527226302.
- ↑ Mikael Hedrén og Steinar Skrede (2018). «Hva er Dactylorhiza traunsteineri?» (PDF). Blyttia 76 (2): 105–116. ISSN 0006-5269.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ 10,0 10,1 «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroides i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroides hos NCBI
- (en) Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroides hos The International Plant Names Index
- (en) Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroides hos Tropicos