Lappmarihand

underart i planteriket
Lappmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. lapponica
(Laest. ex Hartm.) H.Sund.
Økologi
Habitat: kalkrik myr
Utbreiing: nordlege Europa

Lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk

endre

Lappmarihand blei tidlegare ofte rekna som ein eigen art, Dactylorhiza lapponica, eller som ein underart av smalmarihand, men blir no rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

Tidlegare var det vanleg å operere med tre artar i Noreg, smalmarihand (som då blei kalla D. traunsteineri), sumpmarihand (D. sphagnicola) og lappmarihand (D. lapponica). Ein har no gitt smalmarihand underartsepitetet (ssp. sphagnicola) og går ut frå at D. traunsteineri er ein reint mellomeuropeisk type som ikkje veks i Noreg og som blir rekna inn under lappmarihand (ssp. lapponica).[4]

Ein annan underart av kongsmarihand i Noreg er purpurmarihand (ssp. purpurella). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis) og fleire.

I Finland blir lappmarihand no rekna som ein eigen art med det vitskapelege namnet D. traunsteineri.[5] Også i Baltikum har ein brukt namnet D. traunsteineri, der tidlegare òg kalla D. curvifolia. Det er òg truleg at D. russowii høyrer til her.[6]

Utbreiing

endre

Lappmarihand treng kalkrik myr å vekse i. Ho er ikkje så sterkt knytt til Nord-Noreg og fjellstroka i Sør-Noreg som ein trudde tidlegare, men har ei større sørleg utbreiing. Ein del funn i låglandet heilt sør på Austlandet, som ein trudde var smalmarihand, har òg vist seg å vere denne underarten.[4][7] Lappmarihand er i raudlistevurderinga i 2021 rekna som livskraftig (LC).[8]

Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn sumpnycklar)[9] og i Finland (VU, finsk namn kaitakämmekkä), der rekna som eigen art.[5] Det har synt seg at dei forekomstane av kongsmarihand på Gotland som ein tidlegare trudde var smalmarihand, er lappmarihand. Med eitt unntak er det òg lappmarihand som veks på Öland.[4]

I Danmark er arten berre kjend frå eit einskild herbariebelegg frå nordvestre Sjælland i 1894. Lappmarihand (dansk namn Traunsteiners gøgeurt) må såleis vere rekna som utdøydd i Danmark.[10][11]

Lappmarihand har vore registrert i Litauen (litauisk namn siauralapė gegūnė) med namnet D. traunsteineri (tidlegare kalla D. russowii). Han veks spreidd søraust og vest i landet og er rekna som sterkt truga (EN).[12][13] I Latvia veks D. russowii (latvisk namn rusova dzegužpirkstīte)[14] spreidd og er temmeleg sjeldan, men står ikkje som truga på den latviske raudlista.[15] I Estland veks D. russowii (estisk namn Russowi sõrmkäpp) spreidd over det meste av landet og har status som sårbar (VU).[16]

Hybridar

endre

Hybridar mellom lappmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. lapponica) finst fleire stader i Noreg[17] og Sverige,[18] og er registrert i Finland.[19] Dette kan då vere den same som er registrert i Estland mellom Dactylorhiza russowii og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[20] I Sverige er det òg registrert hybridar med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × majalis ssp. lapponica).[21]

Hybridar mellom lappmarihand og skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. lapponica eller Dactylorhiza ×estonica)[22] veks spreidde stader i Noreg frå Dovre til Troms,[17] i nordlege Sverige[23] og i nordlege Finland.[24] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. lapponica) veks spreidde stader i Noreg frå Hedmark og Oppland til Troms,[17] i nordlege Sverige[25] og i nordlege Finland.[24]

Det er òg registrert eit funn av hybriden med grønkurle (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × viridis) i Troms.[17]

Lappmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia lebrunii).[26] I Noreg er han funnen i Røros,[17] og han har òg vore registrert i Sverige.[27]

Kommuneblome

endre

Hattfjelldal kommune har valt lappmarihand til sin kommuneblome.[28]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar lappmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre lappmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Mikael Hedrén og Steinar Skrede (2018). «Hva er Dactylorhiza traunsteineri (PDF). Blyttia 76 (2): 105–116. ISSN 0006-5269. 
  5. 5,0 5,1 «LAJI: Dactylorhiza traunsteineri». LAJI.FI. Henta 3. september 2023. 
  6. Pierre Delforge and C.A.J. Kreuz (2005). «Remarks on Estonian orchids» (PDF). Les Naturalistes belges. 86 (Orchid. 18): 21–56. ISSN 0028-0801. 
  7. «Artskart: Lappmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  8. «Raudlista: Lappmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 23. februar 2022. 
  9. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Naturbasen: Traunsteiners Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. lapponica». Naturbasen. Henta 7. mars 2024. 
  11. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 212–214. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  12. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 44-45. ISBN 9986-662-28-1. Henta 7. februar 2023. 
  13. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 402. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 7. februar 2023. 
  14. «Latvijas daba: rusova dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 7. februar 2023. 
  15. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 7. februar 2023. 
  16. «eElurikkus: Dactylorhiza russowii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 7. februar 2023. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 193–195. 
  18. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. lapponica äkta ängsnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  19. «LAJI: Dactylorhiza incarnata × majalis, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 26. januar 2023. 
  20. «eElurikkus: Dactylorhiza russowii x Dactylorhiza incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 7. februar 2023. 
  21. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × majalis subsp. lapponica blodnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  22. «PoWO: Dactylorhiza × estonica». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  23. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. lapponica skogsnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  24. 24,0 24,1 «LAJI: Dactylorhiza maculata × majalis, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 26. januar 2023. 
  25. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × majalis subsp. lapponica Jungfru Marie nycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  26. «PoWO: ×Dactylodenia lebrunii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  27. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica × Gymnadenia conopsea sumpnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023. 
  28. «Velkommen til Hattfjelldal». Aarborten tjïelte / Hattfjelldal kommune. Henta 28. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre