Opna hovudmenyen

Dag Inge Ulstein

norsk politikar

Dag Inge Ulstein (fødd 4. desember 1980) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han er frå januar 2019 utviklingsminister i regjeringa Solberg og samstundes vikar for utanriksministeren.[1]

Dag Inge Ulstein
Dag Inge Ulstein.jpeg
Dag Inge Ulstein
Foto: Øyvind Ganesh Eknes
Fødd 4. desember 1980 (38 år)
Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Parti Kristeleg Folkeparti
Yrke Songar, politikar
Verv Norsk utviklingsminister
 - periode 22. januar 2019– i dag
 - regjering Solberg
 - føregangar Nikolai Astrup

Ulstein kjem frå Sula, men har sin politiske karriere i Bergen. Her var han medlem av bystyret 2011–2019. Han var byråd for sosial, bustad og områdesatsing i Bergen 2013–2014 i byrådssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet. I perioden 2015–2018 var han finansbyråd i Bergen i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet og Venstre. Ulstein har ein bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i teologi frå Norsk Lærerakademi. Han er utdanna familieterapeut og har arbeidd i stiftelsen Bergen diakonissehjem.

I debatten om vegvalet til Kristelig Folkeparti hausten 2018, stod Ulstein på den såkalla «raude» sida. Dette gjorde det overraskande at han vart utnemnd til statsråd i den utvida Solberg-regjeringa.[2]

Ulstein har vore vokalist i den kristne popgruppa Elevate[3] og i elektronikabandet Electric City.[4]

ReferansarEndra

  1. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  2. «Dag Inge Ulstein». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  3. «Elevate-konsert på LUS». Sambåndet. 28. juli 2004. Henta 27. januar 2019. 
  4. «Byråd med elektronika-hit på P3». NRK. 27. juni 2013. Henta 27. januar 2019.