Dagny Mellgren

norsk fotballspelar

Dagny Mellgren Haugland (fødd 19. juni 1978) er ein norsk tidlegare fotballspelar, oppvaksen på Ålgård. Mellom 1999 og 2005 spela ho 95 landskampar for Noreg og skåra 49 mål. Ho vart olympiameister for Noreg under 2000 i Sydney, då ho skåra sigersmålet i OL-finalen mellom Noreg og USA. Mellgren spela for Ålgård, Klepp, Bjørnar, samt Boston Breakers i USA.

Dagny Mellgren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1978 (45 år)
Stavanger kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Ho er sidan 2006 gift og busett på Bryne.

Aktiv endre

Mellgren spela for den lokale klubben Ålgård FK, før ho i 1996 gjekk over til toppserieklubben Klepp. Ho spela fire sesongar for Klepp. Begge dei to fyrste sesongane vart det cupfinale på laget, og begge enda med tap. På tampen av si tid i Klepp, fekk ho sin landslagdebut mot Finland i ein kamp på Algarve vinteren 1999. Mellgren var med i landslagstroppen til fotball-VM 1999 der Noreg spela seg fram til bronsefinalen. Den mållause bronsekampen mot Brasil enda med norsk tap 4-5 i straffesparkskytinga.

I 2000-sesongen spela Mellgren for Bjørnar i Arna. Laget kom til cupfinalen, og nok ein gong måtte Mellgren nøye seg med sølvmedalje. Same sesongen var ho ein viktig angrepsspelar for Noreg under sommar-OL 2000 i Sydney. Ho profitterte på stor fart frå sin posisjon på høgre flanke. Noreg slo seg fram til finalen, der det møtte USA. Kampen veksla att og fram, og det stod etter full tid likt mellom laga; 2-2. I ekstraomgangane ville ein såkalla «golden goal» avgjere, han kom i det 102. minutt og vart sett inn av Mellgren.

Åra 2001-03 spela Mellgren, saman med Ragnhild Gulbrandsen, for den US-amerikanske klubben Boston Breakers. Her var ho toppskårar i ligaen i 2003. Ho var med på det norske landslaget som deltok i fotball-VM 2003, der laget rauk ut i kvartfinalen etter tap for USA.

Etter ho kom heim til Noreg, spela Mellgren i 2004 og -05 atter for Klepp. Ho var med då Noreg spela seg fram til EM-finale i juni 2005, og skåra Noregs mål i 3-1-tapet for Tyskland.

Dagny Mellgren la opp som fotballspelar etter 2005-sesongen.

Merittar endre

  • OL-gull 2000 for Noreg
  • EM-sølv 2005 for Noreg
  • NM-sølv 1996 og 1997 med Klepp
  • NM-sølv 2000 med Bjørnar

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar