Dagsvermar
Dagsvermar (Macroglossum stellatarum) er ein sommarfugl i familien tussmørkesvermarar (Sphingidae), men han er mest aktiv på dagtid i solskin. Av utsjånad og levevis liknar han ein kolibri, og blir av og til kalla kolibrisvermar. Han opptrer årleg sør i Noreg.[1]
Dagsvermar | |
Dagsvermarhann | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Dagsvermar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Sommarfuglar Lepidoptera |
Familie: | Tussmørkesvermarar Sphingidae |
Slekt: | Macroglossum |
Art: | Dagsvermar M. stellatarum |
Vitskapleg namn | |
Macroglossum stellatarum |
Utsjånad og levesett
endreKroppen er einsfarga lys grå og høvesvis stor. Bakkroppen har kvite og svarte teikningar. Forvengene er gråbrune og betydeleg større enn bakvengene, som er oransjegule. Han har eit vengespenn på 4–6 cm.
Dagsvermer er tilpassa til å leva av nektar frå blomar der denne ligg djup nedi blomen, og når nektaren med ein ekstra lang sugesnabel. Han landar ikkje på blomen, men kan slå med vengene slik at han står stille i lufta og stikk snabelen ned i blomsteren, på same måte som ein kolibri med det lange nebbet sitt. Fordi heile slekta til dagsvermarar og kolibriar har så lik økologisk nisje er dei ganske like kvarandre både av storleik og måten dei rører seg på. Dette er eit særs spesielt døme på konvergent evolusjon, der dei ulike gruppene har svært ulikt utgangspunkt som høvesvis leddyr og virveldyr, men likevel endar opp som like nok til at det mogleg å ta feil av dei.[2]
Dagsvermaren legg egg to, nokre gongar tre gongar i året. Larvane er grøne med lyse rygg- og sidelinjer, men seine larvestadium er meir grå-rosa. Dei vaksne dyra overvintrar i sprekkar i tre, stein og bygningar.[3]
Utbreiing
endreDagsvermar er vanlegast i nordlege Afrika, sørlege Europa og i sentrale og sørlege delar av Asia. Han kan nå Noreg når han trekker nordover om sommaren. Vinterstid trekker han lengre sørover i Afrika og Asia. Eksemplar ein møter tidleg på sommaren i Noreg har floge inn sørfrå, medan dyr ein møter på slutten av sommaren gjerne er klekka og har vokse opp som larvar lokalt. Larven lever på maureartar.[1] Nokre år kjem det invasjonar av arten som strekker opp i store delar av Sør-Noreg. Dei siste invasjonane var i 2006, 2010/11, 2014/15 og under den særs varme sommaren i 2018.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Oldeide Elgvin, T. (2018). «Har du sett en kolibri i hagen?» (på norsk). Naturhistorisk museum. Henta 9. august 2018.
- ↑ «Featured Creature: Hummingbird Hawk-Moth». PBS Nature. 2015. Henta 31. juli 2018. «Occasionally, species converge so closely that they bear an uncanny resemblance to each other. An excellent example is the hummingbird hawk-moth (Macroglossum stellatarum); an insect that looks and behaves so much like a hummingbird that they are difficult to tell apart from a distance.»
- ↑ Pittaway, A. R. (1993). The Hawkmoths of the Western Palaearctic. London: Harley Books. ISBN 0-946589-21-6.
- Denne artikkelen bygger på «Dagsvermer» frå Wikipedia på bokmål, den 3. september 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Dagsvermar hos Artsdatabanken
- (en) Dagsvermar i Encyclopedia of Life
- (en) Dagsvermar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Dagsvermar hos Dyntaxa
- (en) Dagsvermar hos Fauna Europaea
- (en) Dagsvermar hos NCBI
- (en) Kategori:Macroglossum stellatarum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Macroglossum stellatarum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Macroglossum stellatarum – detaljert informasjon på Wikispecies