Dale kyrkje i Fjaler

kyrkje i Fjaler kommune

Dale kyrkje står i Dale i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.

Dale kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fjaler
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Fjaler
Fellesråd Fjaler
Type Langkyrkje
Arkitekt Ukjend
Material Tre
Innvigd 24. november 1864
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle av Anders Askevold
Sitjeplassar 550
Kart
Dale kyrkje i Fjaler
61°21′44″N 5°23′49″E / 61.3623°N 5.397°E / 61.3623; 5.397
Wikimedia Commons: Dale kirke, Fjaler
Dale kyrkje i Fjaler is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Dale kyrkje i Fjaler

Den noverande kyrkje er ei tømra langkyrkje i tradisjonell stil. Nygotiske trekyrkjer av denne typen vart det bygd mange av i Noreg i andre halvdel av 1800-talet. Kyrkja vart reist av byggmeister Johannes Arnesson Øvsthus frå Hosanger og ho kosta om lag 5000 spesiedalar. Ein veit ikkje kven som har teikna bygget.[1] Kyrkja har oppunder 550 sitjeplassar og har vore hovudkyrkja i Fjaler sidan 1894.

Tidlegare kyrkjer endre

Det finst ingen sikre opplysningar om når det første kyrkja vart reist i Dale. Truleg var den første kyrkja ei stavkyrkje. I det historiske dokumentet Bergens Kalvskinn frå kring 1350 er ”Dalskirkue” nemnd. Det var truleg den andre kyrkja i Fjaler. Denne vart riven i 1593 for å gje plass for ei ny kyrkje; ei tjørebreidd, bordkledd tømmerkyrkje, som vart ståande fram til 1863. Denne kyrkja finst det avblildning av. Den kjende landskapsmålaren Anders Askevold har henne med på eit oljemåleri frå Dalsbygda i 1853.

I 1772 vart alle kyrkjene i prestegjeldet selde på auksjon og kom i privat eige, men i 1860 gav konsul Jansen kyrkja til Dale kyrkjelyd utan vederlag. Då denne kyrkja vart for lita og dessutan var i dårleg stand, vart ho riven i 1863 og den nye kyrkja stod ferdig året etter. Døypefonten, ei gammal altertavle som heng på skrå oppe i koret og kyrkjeklokkene som no er i Dale kyrkje er frå eldre kyrkjer. Elles er ei kyrkjedør frå mellomalderen i samlinga ved Bergen Museum. Det er òg er ein preikestol frå 1620, medan ein messehakel frå 1650 er teken vare på i Kunstindustrimuseet i Oslo.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre