Dalton Grant
Dalton Grant (fødd 8. april 1966) er ein britisk tidlegare høgdehoppar. Hans personlege rekord på 2,36 meter er frå VM-finalen 1991, innandørs oppnådde han 2,37 m i 1994.
Dalton Grant | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 8. april 1966 (58 år) London Borough of Hackney |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 2002 |
Aktiv
endreGrant kom i 1990 på delt fjerdeplass ved europameisterskapen i Split. Året etter sette han britisk rekord då han gjekk over 2,36 m ved verdsmeisterskapen i Tokyo, utan det vart medalje. Charles Austin frå USA vann tevlinga med 2,38 m, medan Javier Sotomayor og Hollis Conway kneip sølv og bronse med same høgde som Grant. Steve Smith forbetra den britiske rekorden til 2,37 m allereie året etter.
Ved innandørs-EM 1994 i Paris-Bercy presterte Grant sitt livs høgste hopp. Han vann gull med med 2,37 m, etter å ha stått over 2,35 m. Under VM 1997 presterte Grant årsbeste og vart femtemann då han kleiv over 2,32 m i fyrste forsøk, Javier Sotomayor vart meister med 2,37 m, føre Artur Partyka og Tim Forsyth. I EM 1998 greidde Grant 2,34 m i andre forsøk og fekk sølv, Artur Partyka tok høgda i fyrste forsøk og sikra seg gullet. Ein månad seinare sigra Grant under samveldeleikane i Kuala Lumpur med 2,31 m.
Grant vart britisk meister i høgdehopp fire gongar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 2,31 m
- EM 1990 i Split: Nr 4 – 2,31 m
- VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 2,36 m
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (2,15 m=nr 29)
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (2,25 m=nr 15)
- EM 1994 i Helsinki: Nr 9 – 2,25 m
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (2,27 m=nr 14)
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (2,26 m=nr 19)
- VM 1997 i Aten: Nr 5 – 2,32 m
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 2,34 m, bakom Artur Partyka (2,34 m)
- EM 2002 i München: -
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dalton Grant» frå Wikipedia på tysk, den 29. august 2020.