Dami Im

australsk pianist og songar

Dami Im (koreansk 임다미, norsk transkripsjon: Im Dami, (fødd 17. oktober 1988) er ein australsk songar og låtskrivar, opphavleg frå Sør-Korea. Familien flytta til Australia då Dami Im var ni år gammal. Im spelar fleire instrument og vart kjend i Australia etter å ha vunne den femte sesongen av The X Factor Australia. Ho representerte òg Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». Im har platekontrakt med Sony Music Australia.

Dami Im

Fødd17. oktober 1988 (35 år)
FødestadSeoul
OpphavAustralia
Aktiv2010–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapSony Music Entertainment Australia
Verka somsongar

Bakgrunn endre

Im vart fødd i Seoul i 1988. Faren, Lee Hae-yun, er utdanna operasongar.[1] Im byrja å lære piano som femåring, og ho lærte seg å syngje ved å kopiere sine favorittartistar. Ni år gammal flytta Im til Australia med mora og den og yngre broren Kenny, fordi foreldra meinte borna ville få større moglegheiter om dei vaks opp i Australia.[2][3] Familien budde hos ein onkel i Brisbane, medan faren vart igjen i Sør-Korea for å tena pengar til å støtta dei.[4] Foreldra til Im bur no saman att og bur delvis i Australia og Sør-Korea.

Som elleveåring starta Im ved Young Conservatorium of Music på Griffith University. Ho har sidan delteke i ei rekkje pianotevlingar og song lite offentleg.[5][6] I 2009 vart ho uteksaminert frå University of Queensland.[7]

Karriere endre

2010–12: Tidleg karriere endre

Im hadde ein kort karriere som gospelsongar i Korea, og opptredde blant anna på fleire kristne ungdomsleirar. I 2010 gav ho ut debutalbumet Dream. 9. juli 2012 gav Im ut sin andre EP, Intimacy, som bestod av fem låtar.[8][9]

2013: X Factor Australia endre

I 2013 gjekk Im vidare frå prøverundane i femte sesong av X Factor Australia, etter å ha sunge «Hero» av Mariah Carey.[10] Ho tok seg vidare i tevlinga og tok seg til slutt heilt til dei direktesende finalerundane.

Fleire av framsyningane hennar fekk mykje ros av dommarane. Ho tok seg fleire gonger inn på ARIA Singles Charts – den offisielle singellista i Australia, blant anna med «One» av U2 og «Purple Rain» av Prince.[11][12]

Under finalen 27. oktober 2013 song Im tre songar: «Hero», «Alive» og «I Am Telling You I'm Not Going». Nok ein gong fekk ho ståande applaus og lovord frå dommarane. Under resultatshowet dagen etter vart Im utropt til vinnar av X Factor Australia.[13]

2013–15: Utgjevingar endre

Etter å ha vunne X Factor gav Im ut singelen «Alive» på iTunes Store.[14] Ho fekk òg platekontrakt med Sony Music Australia.[15] Fire dagar etter utgjevinga debuterte «Alive» på nummer éin på ARIA Singles Chart. Singelen vart òg platina-sertifisert av Australian Recording Industry Association for å ha selt over 70 000 eksemplar.[16] Sidan har Im gjeve ut ei rekkje plater og album.

2016: Eurovision Song Contest  endre

3. mars 2016 annonserte den australske kringkastaren SBS at Im skulle representere Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». 

I Eurovision Song Contest 2016 deltok Im i den andre semifinalen 12. mai, og ho kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[17] Dette var andre gongen Australia deltok i Eurovision Song Contest, og fyrste gongen landet deltok i ein semifinale.

I finalen var «Sound of Silence» det 13. bidraget ut på scena, og ho vann ein klår siger i juryavrøystingv med 320 poeng. I telefonavrøystinga kom Im på fjerdeplass med 191 poeng. Til saman fekk Australia 511 poeng og enda på andreplass – den beste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest.[18] Songen tok seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa, blant anna i Storbritannia, Spania, Tyskland og Austerrike. «Sound of Silence» er førebels den mest suksessrike singelen til Im i karrieren hennar.

2019–: Nytt album endre

13. september 2019 gav Im ut albumet Crying Underwater på eige merke. I samband med utgjevinga sa Im at det er «for mykje press i dagens samfunn på at ein alltid må sjå lukkeleg ut, så vi endar opp med å føle at vi ikkje har lov til å snakke om korleis vi verkeleg følar oss. Akkurat som om du græt under vatn der ingen kan sjå at du græt».

3. januar 2020 slapp ho låten «Kiss You Anyway».[19] 8. februar 2020 framførte ho låten «Walk with Me» med Måns Zelmerlöw under Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[20] Etter framsyninga kunngjorde Im at ho ville delta i den australske tevlinga igjen.

Diskografi endre

  • Dami Im (2013)
  • Heart Beats (2014)
  • Classic Carpenters (2016)

Kjelder endre

  1. «Dami Im: Finding my family (Part one)». Arkivert frå originalen 29. mars 2016. Henta 4. mai 2021. 
  2. https://www.webcitation.org/6KZeIlZEp?url=http://au.tv.yahoo.com/x-factor/article/-/18584428/dami-im/. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013.  Missing or empty |title= (hjelp)
  3. Sams, Christine (29. august 2013). «'Some people thought I was stupid': X Factor star Dami recalls terrible childhood». The Age (Fairfax Media). 
  4. Vincent, Peter (29. september 2013). «X-Factor's Dami Im set to be first Asian-Australian pop star». Fairfax Media. 
  5. Bochenski, Natalie (3. september 2013). «X-Factor's Dami Im Gains Support From Former School». Brisbane Times (Fairfax Digital). 
  6. Bochenski, Natalie (23. oktober 2013). «Dami Im returns to former school John Paul College». SMH.com (Fairfax Media). 
  7. Adams, Cameron (21. august 2013). «X Factor reveals final Top 12 to perform at live shows». Daily Telegraph Australia (News Limited). 
  8. Bochenski, Natalie (9. september 2013). «Holy spirit behind Dami Im's angelic voice». Brisbane Times (Fairfax Digital). 
  9. «Intimacy (친밀함) / Dami Im(임다미)» (på koreansk). 
  10. «The X Factor Australia Premiere Recap - Is Jai Waetford The Next Justin Bieber?». Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 4. mai 2021. 
  11. Hardie, Giles (26. august 2013). «The X Factor recap: Adira–Belle the first finalists sent home». SHM.com.au (Fairfax Media). 
  12. http://www.noise11.com/news/aria-singles-katy-perry-roar-spends-5th-week-at-no-1-20130928.  Missing or empty |title= (hjelp)
  13. Byrnes, Holly (28. oktober 2013). «X Factor Australia Grand Final: Dami Im completes demolition with army». The Herald and Weekly Times. Arkivert frå originalen 28. oktober 2013. Henta 4. mai 2021. 
  14. https://itunes.apple.com/au/album/alive-single/id731802636.  Missing or empty |title= (hjelp)
  15. https://web.archive.org/web/20131031072202/http://au.tv.yahoo.com/x-factor/news/article/-/19585491/dami-im-wins-the-x-factor/. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013.  Missing or empty |title= (hjelp)
  16. http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesaria-charts-accreditations-singles-2013.htm.  Missing or empty |title= (hjelp)
  17. «Eurovision Song Contest 2016 - Second Semifinal». 
  18. «Eurovision Song Contest 2016 - Grand Final». 
  19. «Kiss You Anyway - single». Apple Music. 3. januar 2020. Arkivert frå originalen 2. januar 2020. Henta 3. januar 2020. 
  20. «Eurovision: Australia Decides 2020: guide». TV Tonight. februar 2020. Henta 7. februar 2020.