Måns Petter Albert Sahlén Zelmerlöw (fødd 13. juni 1986) er ein svensk songar, dansar og musikalartist som voks opp i Lund i Skåne län. Han representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Heroes» og gjekk sigrande ut av tevlinga.

Måns Zelmerlöw

Fødd13. juni 1986 (38 år)
FødestadLunds domkyrkoförsamling
FødenamnMåns Petter Albert Sahlén Zelmerlöw
OpphavSverige
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Group
Verka somsongar, programleiar, skodespelar
MorBirgitta Sahlén
Gift medCiara Janson
Sambuar medMarie Serneholt
PrisarQ121863645

Han deltok i Idol 2005 på svensk TV4 der han gjekk ut på ein femteplass under temaet rock. Zelmerlöw har òg vunne Let's dance, som er den svenske versjonen av «Skal vi danse», saman med Maria Karlsson. Sommaren 2005 jobba Zelmerlöw på G. Swensons Kro i Torekov. Seinare har han turnert i Sverige som songar. I andre halvår 2006 spelte han hovudrolla, Danny Zuko, i musikalen Grease, som vart sett opp i Malmö. I 2007 gjekk han til finalen i Melodifestivalen med songen «Cara Mia», som enda på tredjeplass, med nest flest røyster frå det svenske folket.

Zelmerlöw har sunge andretenor i Lunds Studentsångförening.

Måns Zelmerlöw i 2006

Opptredenar i Idol 2005:

endre

Melodifestivalen 2013

endre

Saman med Robin Fredriksson og Mattias Larsson skreiv han songen «Hello Goodbye» som vart framført av Tone Damli og Erik Segerstedt i den andre semifinalen i Melodifestivalen 2013.[1]

Diskografi

endre

Singlar

endre
  • 7. mars 2007 - «Cara Mia»
  • 2007 - «Work of art (Da Vinci)»

Album

endre

Fotnotar

endre
  1. «De tävlar i Melodifestivalen 2013 – här är alla artister» (på svensk). Sveriges Television. 26. november 2012. Henta 28. november 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre