Dampfløyteorgel eller calliope er eit musikkinstrument for dampfløyter, opphavleg for damplokomotiv. Det var ofte montert på Mississippi-elvebåtar eller i bruk som sirkusmusikk. Amerikanske sirkus brukte å paradere inn i ein by, og orgelet vart då trekt av hestar.

Sirkuscalliope, litografi av Gibson & Co., 1872.

Kalliope i gresk mytologi har gjeve namn til instrumentet. Ho var dotter av Zevs og mor til Orfevs – og den fremste av musene med ansvar for musikk. Namnet tyder ven røyst.

Eit dampfløyteorgel er høgrøysta og kan høyrast på lang avstand.

HistoriaEndra

 
Kitch Greenhouses dampfløyteorgel, Ohio Historical Society - 2006

Joshua C. Stoddard frå Worcester i Massachusetts tok ut patent 9. oktober 1855, basert på allereie eksisterande element som dampfløyte (lansert i 1832 utan patent) og knasthjul til lirekassar og speledåsar.[1]

Stoddard hadde opphavleg tenkt på orgelet som erstatning for kyrkjeklokker, men det var på hjuldamparane det tok av. Dei enno eksisterande hjuldamparane har alle damporgel bygd av Thomas J. Nichol, Cincinnati i Ohio, som bygde dei mellom 1890 og 1932. Dei nye utgåvane kan anten spelast mekanisk eller ved hjelp av eit klaviatur, og brukast regelmessig når båtane er i gang med turistar ombord.

Rundt 1900-talet vart drivverka endra til valsane som var i bruk på mekaniske piano. Musikaren vart dermed overflødig, sjølv om det var mogleg å kopla om etter ønske. Dampen vart òg erstatta med trykkluft. Detta redda orgla etterkvart som dampmaskinene vart fasa ut.

Musikaren Tom Waits spelte dampfløyteorgel på ein song på albumet Blood Money i 2002.

KjelderEndra

  1. «Patent US 13668: Apparatus for producing music by steam or compressed air.» (PDF). United States Patent Office. Henta 22. februar 2016.