Opna hovudmenyen

Daniel og Miguel Falcon Græsdal

Daniel og Miguel Falcon Græsdal (fødd 5. juli 1995) er trekkspelarar frå Skodje i Møre og Romsdal. Tvillingane er kjend for å spele duett. I 2010 vann dei NM-gull i klassen for duettar i trekkspel (til og med 15 år), då dei oppnådde fleire poeng enn konkurrentane sine (105). Norgesmeisterskapet vart halde i Mo i Rana.[1] Året før vann dei NM-sølv i Orkdal (også til og med 15 år),[2] og i 2012 vann dei bronse i Namsos (frå og med 15 år). Saman med Ørskog Trekkspelorkesters gammeldansgruppe fekk dei bronse i 2011 i Skien.[3]

Daniel og Miguel Falcon Græsdal
Daniel Miguel.png
Frå TrekkspelparadeAkershus Festning, 19. september 2010
Fødd5. juli 1995 (24 år)
OpphavNoreg
InstrumentTrekkspel
Verka somMusikarar

Duoen byrja å spele då dei var sju år gamle og held på framleis. Kvart år deltek dei på Distriktsmeisterskap og Norgesmesiterskap i trekkspel. Distriktsmeisterskapa har dei vunne fleire gongar, både som solistar og duo. Brørne spelar også for Ørskog Trekkspillorkester som dei har gitt ut plate med. Deira store draum er å vidareutvikle seg til dei er på eit høgt nivå, der dei kan bruke trekkspelet aktivt, til dømes til å undervise, delta på konsertar eller til dei kan halde eigne konsertar.[4]

KjelderEndra

  1. NRK Møre og Romsdal (4. juli 2010): Tvillingar (14) vann NM-gull, henta 9. januar 2013
  2. Kulturkalender.no (19. september 2010): Norsk trekkspillparade på Akershus festning, henta 9. januar 2013
  3. Trekkspillforbundet.no (3. juli 2011): Resultater fra NM i trekkspill 2011 , henta 8. januar 2013
  4. Drømmestripendet.no (2012): Miguel og Daniel Falcon Græsdal, henta 6. januar 2013

BakgrunnsstoffEndra