Dann Gallucci

Dann Gallucci (fødd 31. mars 1975) er ein amerikansk musikkprodusent, låtskrivar, musikar og lydteknikar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med banda Modest Mouse, The Murder City Devils og Cold War Kids.

Dann Gallucci
Fødd31. mars 1975 (47 år)
FødenamnDann Michael Gallucci
OpphavUSA
Aktiv1993-i dag
SjangerIndie rock, alternativ rock, pønkrock
InstrumentGitar, pumpeorgel, perkusjon
Tilknytte artistarModest Mouse
The Murder City Devils
Area 51
Death Wish Kids
PlateselskapSub Pop, Epic Records, Downtown records
Verka somMusikkprodusent, låtskrivar, musikar, lydteknikar
Sambuar medJane Marie

Gallucci møtte Isaac Brock, låtskrivar i Modest Mouse, i Seattle i Washington i 1993. Han byrja å spela gitar med bandet og vart etter kvart fulltidsmedlem og var med på å spela inn fleire singlar som seinare vart utgjevne på albumet Sad Sappy Sucker i 2001. Medan han var med i Modest Mouse var han med på å starte pønkrockbanda Area 51 og Death Wish Kids.

Bandet The Murder City Devils vart starta i 1996 av medlemene Spencer Moody, Dann Gallucci, Derek Fudesco, Coady Willis og Nate Manny. Dei gav ut to singlar det året, «Three Natural Sixes» og «Dance Hall Music», og signerte kontrakt med plateselskapet Die Young Stay Pretty, eit dotterselskap av Sub Pop. Dei gav ut debutalbumet sitt, «The Murder City Devils» i 1997.

Han var med på å skrive og spela gitar på songane «Trailer Trash» og «Bankrupt on Selling» av Modest Mouse. Dei vart gjevne ut på albumet The Lonesome Crowded West i 1997. «Trailer Trash» kom på plass 63 på Pitchfork Media si liste over dei 200 beste låtane frå 1990-talet («The Top 200 Tracks of the 1990s»)[1]

The Murder City Devils gav ut det andre studioalbumet sitt, Empty Bottles, Broken Hearts, i 1998 og det tredje, In Name and Blood, i 2000. Dei hadde avskjedskonsert 31. oktober 2001 i Seattle's Showbox Theater.

Etter at The Murder City Devils var oppløyst returnerte Gallucci åt Modest Mouse på fulltid mellom 2001 og 2005. Han var med på å skrive og spela inn albumet Good News for People Who Love Bad News som vart gjeve ut i 2004. I tillegg til gitar spela han mellotron, tangentar, piano, klokkespel, trommeloop, timpani og perkusjon. Albumet vart svært godt motteke[2][3], og vart nominert til Grammy i 2005 for «Best Alternative Album»[4].

I 2003 starta han bandet A Gun Called Tension saman med Sean Reveron frå The Beta Band, Exodus 77 og The Free Association. Dei gav ut eit album med same namn som bandet i 2003, og spelar ei blanding av dancehall, hip hop, reggae og pønk.

Gallucci forlét Modest Mouse i 2005 for å satse på ei karriere som lydteknikar og musikkprodusent. Han vart uteksaminert frå The Conservatory of Recording Arts and Sciences i Phoenix i Arizona i 2007.

I 2011 spela han inn singelen «Fashionable» for Cold War Kids, og vart seinare det året med i bandet for å spela gitar og produsere det neste albumet deira. Dear Miss Lonelyhearts vart gjeve ut 2. april 2013[5]. Han produserte, spela inn, miksa og spela på det neste albumet deira, Hold My Home, òg. I 2016 forlét han bandet.

Frå 2011 åt 2014 returnerte Gallucci åt Modest Mouse og var med på å skrive tre songar til albumet Strangers to Ourselves.

I 2016 vart Gallucci produsent av radioprogrammet Bullseye with Jesse Thorn.[6]

KjelderEndra

  1. Deusner, Stephen (31. august 2010). «The Top 200 Tracks of the 1990s: 100-51». Pitckfork Media. Henta 18. april 2016. 
  2. «Reviews for Good News For People Who Love Bad News by Modest Mouse». Metacritic. Henta 25. juli 2015. 
  3. Tiny Mix Tapes Review
  4. «Grammy Award nominees in top categories». USA Today (Gannett Company). 7. februar 2005. Henta 29. april 2010. 
  5. Phares, Heather. «Dear Miss Lonelyhearts - Cold War Kids». AllMusic. All Media Network. Henta 4. april 2013. 
  6. Thorn, Jesse. «Jesse Thorn on Twitter...». Twitter. Henta 6. juni 2016.