Darat Izza (arabisk دارة عزة, òg skrive Darat Aza eller Darit Izza) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 30 km nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Deir Samaan i nord, Anadan i aust og Turmanin i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Darat Izza eit folketal på 13 525 i 2004.[1]

Darat Izza
دارة عزة
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt Jabal Simeon-distriktet
Nahiyah Darat Izza
Koordinatar 36°16′58″N 36°51′7″E / 36.28278°N 36.85194°E / 36.28278; 36.85194
Folketal 13 525  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Darat Izza
36°16′56″N 36°51′07″E / 36.282222222222°N 36.851944444444°E / 36.282222222222; 36.851944444444

Frå Darat Izza går ein godt bevart del av ein gammal romersk veg frå 100-talet fvt.[2] Under Det osmanske riket var Darat Izza kjend for bomullsstoffet som vart produsert her.[3]

Under den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad, vart 25 regjeringsvenlege personar drepne i byen av Den frie syriske armeen (FSA). Regjeringa hevda dei var vanlege sivile, medan FSA og den opposisjonsvenlege Syrisk observatorium for menneskerettar hevda dei var regjeringsvenlege militssoldatar.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
  2. Beattie, 2001, s. 245.
  3. Faroqhi, 1997, s. 501.
  4. Syria rebels accused of massacring 25 people in village. BBC News. 2012-06-22.