Galapagosfinkar

underfamilie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Darwinfink)

Galapagosfinkar eller darwinfinkar er ei gruppe på 13 eller 14 nært skylde artar, tidlegare klassifisert som busksporvar, i dag rekna som tanagarar (ikkje finkar), som hovudsakleg lever på Galapagosøyene. Ein art finst òg på Cocosøya. Dei vart samla inn av Charles Darwin under reisa hans med HMS «Beagle», og har sidan vorte grundig studert for å forska på mellom anna artsdanning, naturleg utval og tilpassing.

Galapagosfinkar
Fire artar galapagosfinkar
Fire artar galapagosfinkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Underfamilie: Galapagosfinkar Geospizinae

Fuglane er om lag like store - 10–20 cm. Dei mest iaugefallande skilnadane mellom dei er storleiken og forma til nebba deira, som er tilpassa ulike matkjelder. Åtferda deira er òg ulik, og songane er forskjellig. Fargen er som regel brunaktig eller svart.

Artslista

endre

Galapagosfinkar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Pinaroloxias
  • Cocosporv, Pinaroloxias inornata, Cocos Finch, Gould, 1843, (VU)
Slekt Certhidea
  • Grønkantorsporv, Certhidea olivacea, Green Warbler-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Gråkantorsporv, Certhidea fusca, Gray Warbler-Finch, Sclater & Salvin, 1870, (NN)
Slekt Platyspiza
  • Vegetarsporv, Platyspiza crassirostris, Vegetarian Finch, Gould, 1837, (LC)
Slekt Camarhynchus
  • Spettsporv, Camarhynchus pallidus, Woodpecker Finch, Sclater & Salvin, 1870, (LC)
  • Stortresporv, Camarhynchus psittacula, Large Tree-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Floreanatresporv, Camarhynchus pauper, Medium Tree-Finch, Ridgway, 1890, (CR)
  • Småtresporv, Camarhynchus parvulus, Small Tree-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Mangrovesporv, Camarhynchus heliobates, Mangrove Finch, Snodgrass & Heller, 1901, (CR)
Slekt Geospiza
  • Småjordsporv, Geospiza fuliginosa, Small Ground-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Storjordsporv, Geospiza magnirostris, Large Ground-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Vampyrjordsporv, Geospiza septentrionalis, Vampire Ground-Finch, Rothschild & Hartert, 1899|, (VU)
  • Genovesajordsporv, Geospiza acutirostris, Genovesa Ground-Finch, Ridgway, 1894, (VU)
  • Spissnebbjordsporv, Geospiza difficilis, Sharp-beaked Ground-Finch, Sharpe, 1888, (LC)
  • Småkaktussporv, Geospiza scandens, Common Cactus-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Mellomjordsporv, Geospiza fortis, Medium Ground-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Storkaktussporv, Geospiza conirostris, Española Cactus-Finch, Ridgway, 1890, (VU)
  • Genovesakaktussporv, Geospiza propinqua, Genovesa Cactus-Finch, Ridgway, 1894, (VU)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.