David's Album
David's Album Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1969 | |
Innspelt | CBS Studios, Nashville, September 1968 | |
Sjanger | Folk, country | |
Lengd | 44:41 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Maynard Solomon | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Any Day Now (1968) |
David's Album | (I Live) One Day at a Time (1970)
|
David's Album er eit studioalbum av Joan Baez frå 1969, spelt inn i Nashville. Det var det 11. albumet Baez hadde gjeve ut til då. Albumet nådde 36. plassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie
endreDen dåverande ektemannen til Baez, David Harris, som var ein countryfan, var i ferd med å bli fengsla for å ha nekta militærteneste, og ho spelte inn albumet som ei gåve til han. Songane vart spelte inn under den same innspelinga som det førre albumet til Baez, som bestod av Bob Dylan-songar, Any Day Now.[1]
Plateomslaget er ei teikning Baez teikna av David Harris.
Vanguard gav ut albumet på ny i seinare år med to bonusspor, «How Can I Miss You», ein duett med syster til Baez, Mimi Fariña, og Tom Paxton sin «The Last Thing on My Mind.»
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
I meldinga si for Allmusic, skreiv Bruce Eder om albumet at «synginga og spelinga held framleis mål. Baez sette til side skarpheita ho stundom hadde her til fordel for ei avslappa framføring der ho er på sitt mest vinnande i karrieren sin. David's Album har overgått opphavet sitt, dels på grunn av det varierte materialet. David Harris er for lengst ute av fengsel, og han og Baez gjekk frå kvarandre, men dette er framleis eit glimrande album.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «If I Knew» | Nina Dusheck, Pauline Marden | 2:49 |
2. | «Rock Salt and Nails» | Bruce Utah Phillips | 3:53 |
3. | «Glad Bluebird of Happiness» | Darryl Skrabak | 2:58 |
4. | «Green, Green Grass of Home» | Curly Putman | 3:14 |
5. | «Will the Circle be Unbroken» | Charles H. Gabriel, Ada R. Habershon | 4:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «The Tramp on the Street» | Tradisjonell | 3:33 |
7. | «Poor Wayfaring Stranger» | Tradisjonell | 4:43 |
8. | «Just a Closer Walk With Thee» | Tradisjonell | 4:11 |
9. | «Hickory Wind» | Gram Parsons, Bob Buchanan | 3:44 |
10. | «My Home's Across the Blue Ridge Mountains» | A.P. Carter, Tom Ashley | 4:21 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «How Can I Miss You» | Dan Hicks | 2:45 |
12. | «The Last Thing on My Mind» | Tom Paxton | 4:17 |
Medverkande
endre- Joan Baez – vokal, gitar
- Fred Carter jr. – mandolin
- Pete Drake – pedalsteelgitar
- Johnny Gimble – fele
- Roy Huskey jr. – bass
- Tommy Jackson – fele
- Jerry Kennedy – gitar
- Jerry Reed – gitar
- Harold Bradley – gitar, dobro
- Hargus «Pig» Robbins – piano
- Harold Rugg – gitar, dobro
- Grady Martin – gitar
- Buddy Spicher – fele
- Norbert Putnam – bass
- Kenny Buttrey – trommer
Salslister
endreListe (1969) | Plassering |
---|---|
Canada Top Albums/CDs (RPM)[2] | 33 |
US Billboard 200[3] | 36 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[4] | 81,800 [5]* | |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «David's Album» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «David's Album > Review». Allmusic. Henta 18. oktober 2018.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 6061". RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ "Joan Baez Album & Song Chart History" Billboard 200 for Joan Baez. Prometheus Global Media.
- ↑ «French album salstrofé – Joan Baez – David's album» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique.
- ↑ http://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=5450