Pete Drake

amerikansk musikar

Roddis Franklin «Pete» Drake (8. oktober 193229. juli 1988) var ein USA-amerikansk plateprodusent og pedalsteelgitarist basert i Nashville.[1]

Pete Drake
Fødd8. oktober 1932(1932-10-08)
FødestadAugusta i Georgia i USA
Død29. juli 1988
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnRoddis Franklin Drake
AliasPete Drake
OpphavUSA
SjangerCountry
InstrumentPedalsteelgitar
PlateselskapStarday Records
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar, plateprodusent

Drake var ein av dei mest ettertrakta studiomusikarane i 1960-åra og spelte på mange hittar som Lynn Anderson sin «Rose Garden», Charlie Rich sin «Behind Closed Doors» Bob Dylan sin «Lay Lady Lay» og Tammy Wynette sin «Stand by Your Man».

Karriere endre

Drake var fødd i Augusta i Georgia i 1932, som son av ein predikant i pinserørsla. I 1950 drog han til Nashville, høyrde Jerry ByrdGrand Ole Opry og vart inspirert til å kjøpe ein steelgitar. Seinare i 1950-åra var han med å starte countrybandet Sons of the South i Atlanta i Georgia, i lag med fleire framtidige countrystjerner som Jerry Reed, Doug Kershaw, Roger Miller, Jack Greene og Joe South.

I 1959 flytta han til Nashville og vart med i The Nashville A-Team. Han spelte på turenar med Don Gibson, Marty Robbins og fleire andre. I 1964 fekk han ein internasjonal hit med sin «Talking Steel Guitar» på albumet Still.

Drake spelte på dei tre albuma som Bob Dylan spelte inn i Nashville, inkludert Nashville Skyline, og på Joan Baez sitt David's Album. Han arbeidde òg med George HarrisonAll Things Must Pass, og produserte Ringo StarrBeaucoups of Blues i 1970.[2]

Drake produserte album for mange andre musikarar og grunnla Stop Records og First Generation Records. Han vart innlemma i Country Music Hall of Fame's Walkway of Stars i 1970, Steel Guitar Hall of Fame i 1987 og Georgia Music Hall of Fame i 2010.

Drake byrja å utvikle emfysem etter 40 år med røyking og helsa hans vart dårleg etter 1985. Han døydde av sjukdommen i 1988, berre 55 år gammal.

Kjelder endre

  1. Pete Drake Bio Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine. @ Augusta.com
  2. Review: Shultz, Gary. Beaucoups Of Blues Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. - 9. juni 1999

Bakgrunnsstoff endre