One Day at a Time

(Omdirigert frå (I Live) One Day at a Time)
One Day at a Time
Studioalbum av Joan Baez
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1970
Innspelt Bradley's Barn i Mt. Juliet i Tennessee i oktober 1969
Sjanger Country Folk
Lengd 39:04
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi 
David's Album
(1969)
One Day at a Time The First 10 Years
(1970)


One Day at a Time er eit album frå 1970 av Joan Baez. Det vart spelt inn i Nashville og Baez fortsette her å eksperimentere med country, som ho byrja med på David's Album året før. Albumet inneheld ein av dei første songane Baez skreiv sjølv, «Sweet Sir Galahad» og «A Song for David». Den førstnemnde songen var ei ballade for den yngre syster hennar, Mimi Fariña, og den sistnemnde for den dåverande ektemannen hennar David Harris, som på den tida sat i fengsel som militærnektar. One Day at a Time inneheld òg songar av The Rolling Stones, Willie Nelson og Pete Seeger.

Albumet inneheld tre songar som Baez framførte på Woodstockfestivalen fire månader tiddlegare, «I Live One Day At A Time», «Joe Hill» og «Sweet Sir Galahad».

Vanguard si nyutgjeving inneheld to bonusspor frå innspelinga av One Day at a Time: «Sing Me Back Home» og «Mama Tried», begge duettar med Shurtleff, og begge skrivne av Merle Haggard. Desse to var først gjevne ut i plateboksen Rare, Live & Classic frå 1993.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars lenkje
Rolling Stonelenkje

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sweet Sir Galahad»Joan Baez3:43
2.«No Expectations»Mick Jagger, Keith Richards3:47
3.«Long Black Veil»Marijohn Wilkin, Danny Dill3:24
4.«Ghetto»Homer Banks, Bonnie Bramlett, Bettye Crutcher4:33
5.«Carry It On»Pete Seeger, Gil Turner2:22
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Take Me Back to the Sweet Sunny South» (duett med Jeffrey Shurtleff)Tradisjonell2:47
7.«Seven Bridges Road» (duett med Jeffrey Shurtleff)Steve Young3:42
8.«Jolie Blonde»Tradisjonell2:00
9.«Joe Hill»Alfred Hayes, Earl Robinson3:25
10.«A Song for David»Baez4:57
11.«I Live One Day at a Time» (duett med Jeffrey Shurtleff)Willie Nelson3:31
Bonusspor på nyutgjeving
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Mama Tried» (duett med Jeffrey Shurtleff)Merle Haggard3:13
13.«Sing Me Back Home» (duett med Jeffrey Shurtleff)Merle Haggard2:53

Medverkande

endre

Salslister

endre
Liste (1971) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[1] 35
US Billboard 200[2] 80

Kjelder

endre