David Rawlings

amerikansk songar

David Todd Rawlings er ein USA-amerikansk gitarist og songar. Han er mest kjend for det langvarige samarbeidet med bluegrass-songaren Gillian Welch.

David Rawlings
DavidRawlings.jpg
David Rawlings i 2014
Fødd20. hundreåret
FødestadNorth Smithfield
OpphavNorth Smithfield i Rhode Island i USA
Aktiv1996–
Sjangerbluegrass, nytradisjonell country, americana, old time, folk, amerikansk primitivisme
Instrumentsynging, gitar
Kjende instrument1935 Epiphone Olympic gitar
Tilknytte artistarDave Rawlings Machine, Gillian Welch
Verka somsongar, musikkprodusent, komponist, gitarist, filmprodusent, låtskrivar
PrisarAmericana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting

David gjekk på Berklee College of Music og studerte med gitarprofessor Lauren Passarelli.

Han er mest kjend på eiga hand som produsent, og har produsert Welch og band som Old Crow Medicine Show. Han har i seinare år spelt som «Dave Rawlings Machine». Han har òg medverka på Bright Eyes-albumet Cassadaga, Ryan Adams-albumet Heartbreaker (som opnar med «Argument with David Rawlings Concerning Morrissey»), og Robyn Hitchcock-albumet Spooked.

Rawlings skreiv songane «To Be Young (Is To Be Sad, Is To Be High)» og «Touch, Feel and Lose» med Ryan Adams.

David Rawlings spelar ein liten archtop-gitar, ein Epiphone Olympic frå 1935, som var ein middels dyr gitar på den tida.[1] I 1935 kosta han $35.[2]

DiskografiEndra

GjesteartistEndra

KjelderEndra

  1. 1934 Epiphone sales catalog
  2. David Rawlings' guitars, acoustic guitars Central

BakgrunnsstoffEndra