Dei franske sørterritoria

(Omdirigert frå Dei franske sørområda)

Dei franske sørterritoria (fransk Territoire des Terres australes et antarctiques françaises, forkorta TAAF) er eit fransk oversjøisk territorium som vart oppretta som ei eining i 1955. Sørterritoria omfattar ei rekkje øyar i Indiahavet sør for Afrika og eit landområde i Antarktis. Det er ingen fastbuande i sørterritoria, men om lag 150 forskarar og arbeidsfolk held til her året rundt. Dette talet aukar til rundt 300 sommarstid. Sørterritoria blir administrert av ein prefekt som er stasjonert på Réunion nord i Indiahavet.

Dei franske sørterritoria
oversjøisk territorium
Flagg
Symbol
Forkorting: TAAF
Land  Frankrike
Del av Frankrikes oversjøiske territorier
Hovudstad Saint-Pierre på Réunion
Areal 7 829 km²
Folketal 196 (2012)
Språk fransk
Kart
Dei franske sørterritoria
43°S 67°E / 43°S 67°E / -43; 67
Kart over Dei franske sørterritoria. Adélie Land i Antarktis), Banc du Geyser (i Îles Éparses), og Bassas da India (i distriktet Îles Éparses) er ikkje med
Kart over Dei franske sørterritoria. Adélie Land i Antarktis), Banc du Geyser (i Îles Éparses), og Bassas da India (i distriktet Îles Éparses) er ikkje med
Kart over Dei franske sørterritoria. Adélie Land i Antarktis), Banc du Geyser (i Îles Éparses), og Bassas da India (i distriktet Îles Éparses) er ikkje med
Wikimedia Commons: French Southern and Antarctic Lands

Inndeling

endre

Dei franske sørterritoria er delt inn i fem distrikt, med kvar sin «distriktssjef». Distrikta er:

  1. Kerguelen-øyane
  2. Île Saint-Paul og Île Amsterdam
  3. Crozetøyane
  4. Adélie Land i Antarktis
  5. Îles éparses

Øyane blir administrert frå Saint-Pierre på Réunion. Det som blir rekna som hovudstaden i sjølve sørterritoria er busetnaden Port-aux-FrançaisKerguelen. Her bur om lag 60 menneske heile året, og opp mot 120 sommarstid.

Îles éparses («dei spreidde øyane») har vorte rekna som det femte distriktet i sørterritoria sidan 2007. Øyane ligg i Indiahavet rundt Madagaskar. Øyane er utan busetnad, men kvar einskild øy blir gjort krav på av anten Madagaskar, Komorane, Seychellane eller Mauritius i tillegg til Frankrike.

Historie

endre

Medan fleire av Îles éparses og Île Saint-Paul var kjende frå før eller tidleg i oppdagartida, blei områda lengre sør i territoriet blei først oppdaga av menneske på 1700- og 1800-talet. Crozet-øyane blei oppdaga den 24. januar 1772 av Julian Crozet, som siglde med stillehavsutforskaren Marc-Jospeh Marion-Dufresne. Den franske antarktisekspedisjonen leidd av Yves-Joseph de Kerguelen de Trémarec kom til Kerguelen , som dei kalla Îles de la Fortune ('Lukkeøyane'), den 12. februar 1772. Adelie Land vart oppdaga i 1840 av den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.

Geografi

endre
 
Kerguelen-kål på Mayes i Kerguelen.
 
Kerguelen - Volcan du Diable.

Territoriet omfattar Île Amsterdam, Île Saint-Paul, Îles Crozet og Îles Kerguelen sør i Indiahvet nær 43 °S, 67 °E, langs det franske kravområdet i Antarktis, Adélie Land, kalla opp etter kona til den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.

Adélie Land dekkjer kring 432 000 km² og øyane i alt 7 781 km². Ingen av områda har fast busetnad, men i 1997 var det kring 100 forskarar som budde her frå vinteren (juli) til sommaren (januar).

Île Amsterdam og Île Saint-Paul er utdøydde vulkanar. Det høgaste punktet i territoriet er Mont Ross på Îles Kerguelen på 1850 meter over havet. Det er ikkje flystripe på nokre av øyane og langs den i alt 1232 km lange kyststripa finst det ingen hamner, berre ankarplassar til sjøs.

Øyane i Indishavet får forsyningar frå spesialskipet «Marion Dufresne», som seglar ut frå Le PortRéunion. Terre Adélie får forsyningar frå «Astrolabe», som seglar ut frå HobartTasmania.

Territoriet inneheld den einaste landmassen som ligg direkte på andre sida av jordkloden for USA.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for French Southern and Antarctic Lands frå Wikivoyage
  Commons har multimedium som gjeld: Dei franske sørterritoria