Kerguelen

(Omdirigert frå Îles Kerguelen)

Kerguelen (fransk Îles Kerguelen eller Archipel de Kerguelen, offisielt Archipel des Kerguelen eller Archipel Kerguelen), òg kjend som Desolation Islands, er ei øygruppe sør i Indiahavet som utgjer ein av to øyar på Kerguelenplatået. Øyane, i lag med Adélie Land, Crozetøyane. Île Amsterdam og Île Saint-Paul, er ein del av Dei franske sørterritoria og vart administrert som separate distrikt. Det er ingen innfødde innbyggjarar på øyane, men 50 til 100 forskarar bur permanent på øyane.[1]

Kerguelen
Îles Kerguelen
øy
Flagg
Land  Frankrike
Oversjøisk territorium Dei franske sørterritoria
Del av Dei franske sørterritoria, Franske sørlige land- og havområder
Koordinatar 49°21′S 70°13′E / 49.350°S 70.217°E / -49.350; 70.217
Hovudstad Port-aux-Français
Areal 7 215 km²
Folketal kring 70 (vinter); 110 (sommar)
Oppdaga februar 1772
 •  grunnlagd 1 1944
President Emmanuel Macron
Kart
Kerguelen
49°15′00″S 69°10′00″E / 49.25°S 69.166666666667°E / -49.25; 69.166666666667
Kart som viser Kerguelen.
Kart som viser Kerguelen.
Kart som viser Kerguelen.
Wikimedia Commons: Kerguelen Islands

Hovudøya, Grande Terre, er 6 675 km² og er omgjeve av 300 mindre øyar og holmar, som dannar ei øygruppe på totalt 7 215 km². Klimaet er hardt og kjølig og vinden er ofte sterk året rundt. Medan sjøen kring øyane generelt er grov, er dei isfrie året rundt. Det er ingen flyplass p øyane, så all reise og transport til og frå øyane må gjerast til sjøs.

Historie

endre

Øyane vart oppdaga av den bretonsk-franske sjøfararen Yves-Joseph de Kerguelen de Trémarec den 12. februar 1772. Dagen etter gjekk Charles de Boisguehenneuc i land og gjorde krav på øya for den franske krona.[2]

Kort tid etter dei vart oppdaga vart øygruppa ofte vitja av kval- og selfangarar (hovudsakleg britiske, amerikanske og norske) som jakta på kval- og sel kring øyane til dei nær var utrydda, inkludert pelsselar på 1700-talet og elefantselar på 1800-talet. Sidan slutten av kvalfangst- og selfangsttida har bestandane på øyane auka att.[3]

I 1825–1827 forliste den britiske selfangaren John Nunn med eit mannskap på tre ved Kerguelen.[4]

Mange ekspedisjonar har vore innom øyane, inkludert ekspedisjonen til kaptein James Cook i 1776. I 1874–1875 vitja britiske, tyske og amerikanske ekspedisjonar Kerguelen for å observere Venuspassasjen.[5]

 
Christmas Harbour, Kerguelens Land, datert til 1811 av George Cooke.

I 1877 starta franskmennene kolgruvedrift på øyane, men dette vart nedlagd kort tid etter oppstarten.[6]

Kerguelen, i lag med øyane Amsterdam og St. Paul, og Crozetøyane, vart offisielt annektert av Frankrike i 1893, og vart stadfesta i den franske grunnlova i 1924 (i lag med det franske kravområdet i Antarktis kjend som Adélie Land).

Den tyske hjelpekryssaren «Atlantis» la til ved Kerguelen i desember 1940. Under opphaldet gjorde mannskapet reparasjonar på skipet og etterfylte med vassforsyningar. Ein sjømann ombord mista livet då han fall ned under målinga av skorsteinen. Han vart gravlagd i det som stundom vert kalla «den sørlegaste tyske krigsgrava» i andre verdskrigen.

Kerguelen har vore permanent busett sidan 1950 av forskarar og 50 til 100 menneske held til på øya til ei kvar tid.[1] Det ligg òg ein fransk satellitt-bakkestasjon på øya.

Fram til 1955 var Kerguelen ein del av den franske kolonien Madagaskar. Same året vart dei i lag kalla Les Terres australes et antarctiques françaises (Dei franske sørterritoria) og vart administrativt ein del av franske Départment d`outre-mer de la Réunion. I 2004 vart dei omgjort til ei eiga administrativ eining (med same namn).

Grande Terre

endre
 
Péninsule Rallier du Baty
 
Port aux Français
 
Monts des Deux Frères
 
Cookbreen

Hovudøya i øygruppa er La Grande Terre. Ho er 150 km frå aust til vest og 120 km frå nord til sør.

Hovudbasen, den såkalla «hovudstaden» på øyane, ligg langs austsida av Gulf of Morbihan på La Grande Terre ved 49°21′S 70°13′E / 49.350°S 70.217°E / -49.350; 70.217 (Port-aux-Français), og vert kalla Port-aux-Français. Her finn ein vitskaplege forskingsbygg, ein bakkestasjon for satellittar, sovesalar, eit sjukehus, eit bibliotek, eit gymnas, ein pub og kappelet Notre-Dame des Vents.

Det høgaste punktet på øya er Galliéni Massif (Pic du Grand-Ross), som ligg langs sørkysten av øya med ei høgd på 1850 meter over havet. Cookbreen, den største breen i Frankrike med eit areal på kring 403 km², ligg vest i sentrale delar av øya. I alt dekkjer isbreane på Kerguelen like over 500 km². Grande Terre har mange bukter, viker og fjordar, samt mange halvøyar og nes. Dei viktigaste av desse er:

Kjende stader

endre

Det er fleire stader på La Grande Terre som er verdt å merka seg:

For Venuspassasjen i 1874 organiserte og utstyrte George Biddell Airy ved Royal Observatory i Storbritannia fem ekspedisjonar til forskjellige stader i verda. Tre av desse vart sendte til Kerguelen. Presten Stephen Joseph Perry leia dei britiske ekspedisjonane til Kerguelen. Han sette opp hovudobservatoriet ved Observatoriebukta og to hjelpestasjonar, ein ved Thumb Peak [49°31'11,8"S, 70°10'18.1"E] leia av Sommerville Goodridge, og den andre ved Supply Bay [49°30'47.3"S, 69°46'13,2"E] leia av Cyril Corbet. Observatoriebukta vart òg nytta av den tyske antarktisekspedisjonen leia av Erich Dagobert von Drygalski i 1902–03. I januar 2007 vart det gjort arkeologiske utgravingar på denne staden.

Frå 1968 til 1981 vart det ved 49°21′S 70°16′E / 49.350°S 70.267°E / -49.350; 70.267 (Rocket launch site) like aust for Port-aux-Français sendt opp sonderakettar.[8]

Øyane

endre

Dei viktigaste nærliggande øyane er:

Økonomi

endre

Den viktigaste aktiviteten på Kerguelen er vitskapleg forsking - hovudsakleg på geovitskapar og biologi.

Ved den tidlegare sonderakettutskytingsplassen aust for Port-aux-Français 49°21′S 70°16′E / 49.350°S 70.267°E / -49.350; 70.267 (FUSOV) står det i dag ein SuperDARN-radar.

Sidan 1992 har franske Centre National d'Études Spatiales (CNES) drive ein bakkestasjon for satellittar og rakettar som ligg fire kilometer aust for Port-aux-Français. Det var trong for ein bakkestasjon på den sørlege halvkula, og franske styresmakter kravde at han skulle ligge i fransk territorium i staden for folkesette, utanlandske stader som Australia eller New Zealand.

Jordbruksaktivitet er avgrensa til sauehald (kring 3,500 bizetsau) på Longue Island for å gje kjøt til folket på basen, samt små mengder grønsaker i drivhus i nærleiken av den franske hovudbasen. Det er òg nokre ville kaninar og sauar som kan jaktast.

Fiskebåtar eigd av fiskarar på Réunion (eit department i Frankrike som ligg 3,300 km mot nord) vert nytta til fiske kring øyane.

Geologi

endre
 
Forenkla geologisk kart over Kerguelen

Kerguelen utgjer ein del av det undersjøiske Kerguelenplatået, som dekkjer nær 2,2 millionar kvadratkilometer. Platået vart danna av vulkanutbrot og ligg i dag på den antarktiske plata.[9]

Størstedelen av vulkanformasjonane som er synlege på øyane er karakteristiske for utstrøymande vulkanisme, som har skapt trappeformasjonar som byrja å kome opp av havet for 35 millionar år sidan. Akkumleringa utgjer enorme mengder. Basaltstraumar, kvar med ein tjukkleik på tre til ti meter, ligg lag på lag oppå kvarandre, stundom ned til ei djupne på 1200 meter. Denne forma for vulkanisme skapar eit monumentalt relieff forma som trapper i pyramidar.

Andre former for vulkanisme finst lokalt, slik som den strombolske vulkanen Mont Ross, og vulkankomplekset Rallier du Baty-halvøya. Forskjellige årer og utsprøyting av lava som trakyttar, trakyfonolittar og fonolittar er vanlege over øyane.

Det er ikkje registrert noko utbrot her i historisk tid, men det er nokre fumaroler som framleis er aktive sørvest på Grande-Terre.

 
Mont Ross

Nokre lag med lignitt fanga i basaltstraumar, inneheld fossilert araukaria, datert til å vere 14 millionar år gamle.

Isbrear har danna buktene på nord og austsida av øygruppa. Erosjon av isbrear og elvar har grave ut dalar og fjordar.

Klima

endre
Vêrdata for Port aux Français, Kerguelen
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 22,3 22,3 20,6 23 16,8 14,5 13,4 14,4 15,8 19,1 21,3 21,6 23
Gjennomsnittleg maks °C 11,1 11,5 10,5 9 6,7 5,2 4,7 4,6 5,3 7 8,6 10,1 7,8
Døgnmiddeltemperatur °C 7,8 8,2 7,3 6,1 4,2 2,8 2,2 2,1 2,5 3,9 5,3 6,8 4,9
Gjennomsnittleg min °C 4,4 4,7 4,1 3,2 1,5 0,4 −0,3 −0,4 −0,2 0,7 2 3,4 1,9
Lågast målte °C −1,5 −1 −0,9 −2,7 −5,9 −8,3 −8 −7,3 −7,7 −5 −3,7 −1,2 −8,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 72,2 49,5 57,5 59,6 59,9 75,9 62,9 63,4 62,3 59,3 51,9 55,1 729,5
Gns. luftfukt (%) 78 79 82 86 88 89 89 87 84 80 75 77 83
Kjelde: MeteoStats[10]


Plante- og dyreliv

endre

Øyane er ein del av økoregionen tundraen på øyane i det sørlege Indiahavet som omfattar fleire subantarktiske øyar. I dette kalde klimaet er vegetasjonen hovudsakleg avgrensa til gras, mosar og lav, sjølv om øyane er kjend for den endemiske kerguelenkålen, som var ei god kjelde til C-vitamin for sjøfolk i området. Denne vart ofte servert i lag med corned beef. Dei naturlege dyreartane på øyane er insekt og store bestandar av sjøfuglar, selar og pingvinar.[11]

Dyrelivet er særleg sårbar for innførte artar og kattar har særleg vore eit problem. På hovudøya er det i dag ein bestand med villkatt som nedstammar frå skipskattar.[12] Dei lever på sjøfugl og dei innførte kaninane. Her finst òg villsau og ville reinsdyr, som begge er innførte på øya.


Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kerguelen