Dei masuriske sjøane

Dei masuriske sjøane (polsk Pojezierze Mazurskie, tysk Masurische Seenplatte) er eit innsjødistrikt nordaust i Polen som inneheld meir enn 2 000 innsjøar og vatn. Dei ligg i den historiske regionen Masuria som var folkesett av masurarar som talte masurisk.

Dei masuriske sjøane
region
Land  Polen
Kart
Dei masuriske sjøane
54°N 22°E / 54°N 22°E / 54; 22
Wikimedia Commons: Masurian Lake District
Segling på Mikołajki.

Det strekkjer seg om lag 290 km austover frå den nedre delen av Wisla til grensa mellom Polen og Litauen, og dekkjer eit areal på om lag 52 000 km². Administrativt er innsjøane ein del av Ermelandskmasuriske voivodskap. Frå 1200-talet til 1945 vart dei ein del av Aust-Preussen. Små delar av distriktet ligg i Masoviske voivodskap og Podlasie-voivodskapet.[1]

Innsjøane oppstod under pleistocen-istida. Mange av åsane rundt innsjøane er morener og mange av innsjøane er fjordsjøar.

Kjelder endre

  1. «Pojezierze Mazurskie». Najpiękniejsze miejsca w Polsce. VC. Travelling Polska. 2009. Arkivert frå originalen (Internet Archive) 20. august 2013. Henta 6. september 2014. 

54°00′N 22°00′E / 54.000°N 22.000°E / 54.000; 22.000