Delivery var ei britisk blues/progressiv rock-gruppe som vart skipa seint i 1960-åra. Bandet var ei av dei progressive rockegruppene frå Canterbury scene.

Delivery
AliasBruno's Blues Band
Aktiv1966 til 1972
SjangerBlues/progressiv rock
Tidlegare medlemmerPip Pyle

Gruppa vart skipa i 1966 som Bruno's Blues Band av gitaristen Phil Miller, den eldre broren hans, pianisten Steve Miller, trommeslagaren Pip Pyle og bassisten Jack Monck. Bandet spelte nokre år kring London. I 1968 vart saksofonisten Lol Coxhill med i bandet, og bandnamnet vart endra til Steve Miller's Delivery. I 1969 slo bandet seg saman med bluessongaren Carol Grimes og bassisten Roy Babbington erstatta Monck. Denne besetninga spelte inn og gav ut eit album: Fools Meeting. Sjølv om Grimes ønskte å vere bandmedlem gav plateselskapet albumet ut som «Carol Grimes and Delivery». I 1971 slutta Pyle i bandet for å bli med i Gong og vart erstatta av Laurie Allan (som òg seinare drog til Gong). Kort tid etter det vart bandet oppløyst.

Phil Miller skipa seinare Matching Mole med Robert Wyatt og Dave Sinclair, med ei ny utgåve av Delivery vart sett saman våren 1972 av dei to Miller-brørne, Pyle og Richard Sinclair (bass og vokal), som då var bandkollega med Steve Miller i Caravan. Bandet spelte nokre konsertar i august og september det året, men då bandet vart erstatta av Dave Sinclair (frå Matching Mole og Caravan), endra bandet namn til Hatfield and the North. Ein siste konsert med Delivery fann stad i november 1972 for BBC's Radio One In Concert-serie, med ei uvanleg besetning som førte saman Miller-brørne, Pyle, Babbington, Coxhill og Sinclair, sistnemnde berre på vokal.

Steve Miller gav sidan ut to album med Coxhill for Virgin-etiketten Caroline i 1973/74.

Roy Babbington, som hadde spelt med Keith Tippett Group og Nucleus i 1971-73, vart medlem av Soft Machine i 1973-76. Laurie Allan gjekk attende til Gong fleire gonger og spelte mellom anna på Flying Teapot i 1973, og seinare i Barbara Thompson sitt Paraphernalia.

Diskografi endre

Filmar endre

Bakgrunnsstoff endre