Democratic Unionist Party

Democratic Unionist Party (DUP) er det største unionistiske[1] partiet i Nord-Irland. Det har ingen katolske medlemmer. Det er leidd sidan starten i 1970 av Ian Paisley. Partiet har ei høgre-ekstremistisk historie, og støtta mellom anna Ian Smiths ope rasistiske regime i Rhodesia (no Zimbabwe).

Democratic Unionist Party
LandStorbritannia
GrunnleggjararIan Paisley
Grunnlagt30. september 1971
HovudkvarterBelfast
Ideologibritisk unionisme, britisk nasjonalisme, nasjonalkonservatisme, sosialkonservatisme, høgrepopulisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida, sentrum-høgre

Partiet trekte seg frå forhandlingane som leidde opp til fredsavtalen for Nord-Irland da det republikanske partiet Sinn Féin fekk vere med etter at IRA gjekk til våpenkvile. DUP gjekk mot avtalen i folkerøystinga om han, men han vart godkjend med god margin likevel. Sidan har DUP nekta å sitje i interimstyret for provinsen så lenge Sinn Féin sat der.

DUP har band til grupper nært knytte til unionistiske paramilitære, som har gjennomført drap og terroraksjonar i Nord-Irland. Ein kjend medlem av DUP i North Antrim er ein mann tidlegare dømd for mordet på ein bystyremedlem frå Sinn Féin.

Fotnotar endre

  1. Unionisme i den nordirske samanhengen er tilhengarar av framleis union med Storbritannia i Det sameinte kongedømmet. Dei blir òg kalla loyalistar fordi dei er loyale mot den britiske monarken. Dei fleste unionistar i Nord-Irland er av historiske grunnar protestantar (presbyterianarar, kalvinistar) religiøst sett, og er etterkommarar etter kolonistar som kom til Irland1600-talet og 1700-talet. Dei har dominert Nord-Irland sidan delinga av Irland i 1921.

Bakgrunnsstoff endre