Den første punarkrigen

Den første punarkrigen (264 til 241 f.Kr.) var den første av tre store krigar mellom Kartago og Den romerske republikken. I 23 år kjempa dei to stormaktene om suverenitet over det vestlege Middelhavet. Kartago, som låg i Afrika i det som i dag er Tunisia, var den dominerande staten i desse vestlege områda i byrjinga av konflikten. Til slutt gjekk romarane sigrande ut og oppretta strenge vilkår og hard økonomisk straff mot Kartago.

Den første punarkrigen
Del av Punarkrigane
[[Fil:|300px]]
Dato 264241 f.Kr.
Stad Middelhavet, Sicilia, Sardinia
Krigsårsak Lokal konflikt på Sicilia
Resultat Romersk siger
Endringar i landområde Romarane erobra Sicilia
Partar
Den romerske republikken Kartago
Kommandantar
Marcus Atilius Regulus
Gaius Lutatius Catulus
Gaius Duilius
Hamilcar Barca
Hanno den store
Hasdrubal
Xanthippus

Krigane mellom Roma og Kartago vart kalla «Punarkrigane» av romarane fordi det latinske namnet på kartagarane var Punici, som kom frå Phoenici og refererte til kartagarane sitt fønikiske opphav.

Bakgrunn endre

På midten av 200-talet fvt. voks makta til Roma. Etter hundreår med interne opprør og uro, var den italienske halvøya tett sikra i romerske hender. Alle fiendar, som den latinske ligaen eller samnittane (Samnittarkrigane), var overvunne og invasjonen til Pyrrhos av Ípiros var slått tilbake. Romarane hadde ei enorm tr på sitt eige politiske system og militærvesen. På den andre sida av Tyrrenhavet og Siciliasundet, var Kartago alt ei etablert maritim og kommersiell stormakt og kontrollerte dei fleste handelsruter i Middelhavet. Byen var opphavleg ein fønikisk koloni og hadde vorte sentrum av eit omfattande handelsimperium som strekte seg langs kysten av Nord-Afrika så langt som til Iberia.

 
Romersk ankomst og nøytralisering av Syrakus.
 
Hamilcar sitt åtak
 
Romersk framrykk
 
Invasjonen av Afrika.
 
Kartago får pusterom.
 
Nye romerske åtak
 
Enno fleire romerske åtak
 
Kartago sine fredsforhandlingar og fred.

Mamertinane, ei gruppe italiske leigesoldatar, okkuperte i 288 f.Kr. byen Messana på den nordaustlege tuppen av Sicilia, drap alle menn og tok kvinnene som sine koner. Frå denne basen herja dei landbruksområda og vart eit problem for den sjølvstendige byen Syrakus. Då Hiero II kom til makta i 265 f.Kr. avgjorde han at det skulle gjerast eit endeleg oppgjer med mamertinane og Messana under omleiring. Mamertinane bad så om hjelp samstundes frå både Roma og Kartago. I starten ønske ikkje romarane å hjelpe soldatane som hadde urettmessig stole byen frå sine rettmessige eigarar. Vidare hadde Roma nyleg måtte ta seg av leigesoldatar etter nederlaget til Pyrrhos av Epirum (Rhegium, 271) og var truleg nølande med å hjelpe denne fraksjonen no. Derfor var Kartago den første byen som svarte på bøna og sende troppar til området. Roma svarte med å gå i allianse med mamertinane, truleg fordi dei ikkje ønska å sjå at makta til kartagarane skulle utvidast vidare over Sicilia og kome for nær Italia. Romerske troppar vart sende til Sicilia og tvinga eit nølande Syrakus til å slutte seg til alliansen. Dette var første gong ein romersk armé handla utanfor Italia. Snart var dei einaste partane i konflikten Roma og Kartago, og konflikten eskalerte til ein kamp om Sicilia.

Krigen på land endre

Sidan Sicilia var ei kupert øy med geografiske hindringar og et terreng der kommunikasjonslinjer er vanskeleg å oppretthalde, spelte krigen på land ei sekundær rolle i den første punarkrigen. Landoperasjonar var for det meste avgrensa til åtak i små skala og trefningar mellom arméane, nesten utan oppstilte slag. Omleiringar og landblokadar var dei vanlegaste operasjonane for den regulære arméen. Hovudmåla for blokade var dei viktige marinehamnene, sidan ingen av dei stridande partane var basert på Sicilia og begge trengde jamlege forsyningar av forsterkningar og kommunikasjon med fastlandet.

Trass i desse generelle forholda, vart to landkampanjar i stor skala utkjempa under den første punarkrigen. I 262 f.Kr. omleira romarane byen Agrigentum, ein operasjon som involverte begge konsulane sine arméar, totalt fire romerske legionar, og tok fleire månader å utføre. Garnisonen i Agrigentum klarte å kalle inn forsterkingar og ein kartagisk hjelpestyrke leia av Hanno kom for å styrke garnisonen. Då forsyningane frå Syrakus vart kutta, fann romarane seg òg omeleira og bygde ein ringvoll. Etter nokre trefningar vart slaget om Agrigentum utkjempa og vunne av Roma og byen fall.

Inspirert av denne sigeren prøvde Roma (256/255 f.Kr.) ein ny operasjon i stor skala på land, denne gongen med eit anna resultat. Etter fleire sjøslag gjekk Roma for ei rask avslutting av krigen og prøvde å invadere kartagiske koloniar i Afrika for å tvinge fienden til å akseptere vilkåra. Ein stor flåte vart bygd, både til å transportere hæren og utstyr og krigsskip til vern. Kartago prøvde å intervenere, men tapte i slaget ved Kapp Ecnomus. Den romerske arméen leia av Marcus Atilius Regulus gjekk i land i Afrika og starta å herje det kartagiske landbruksområdet. I byrjinga var Regulus sigrande og vann slaget ved Adys og tvinga Kartago til å be om fred. Vilkåra var så kraftige at forhandlingane braut saman. Kartagarane hyra Xanthippos, ein spartansk leigesoldat, i respons til å reorganisere hæren. Xanthippos klarte å avskjere den romerske hæren frå basen sin ved å reetablere kartagisk overtak til sjøs og sigra så og fanga Regulus i slaget ved Tunis.

Mot slutten av konflikten (249 f.Kr.), sende Kartago general Hamilcar Barca, far til Hannibal, til Sicilia. Hamilcar klarte å få kontroll over det meste av innlandet på Sicilia. Romerane utnemnde i desperasjon ein diktator for å ordne situasjonen. Men kartagarane sin suksess på Sicilia var sekundær til framgangen i krigen til sjøs. Hamilcar tapte aldri på Sicilia, men dette var irrelevant etter den romerske marinesigeren i slaget ved Aegatesøyane i 241 f.Kr.

Krigen til sjøs endre

Sidan det var vanskeleg å operere på Sicilia, vart krigføringa i den første punarkrigen hovudsakleg utkjempa til sjøs, inkludert dei avgjerande slaga. Krigføringa til sjøs gjorde at ein kunne opprette effektive blokadar av fiendtlege hamner, og dermed òg forsterkingar og forsyningar til troppane inne i landet. Begge sider av konflikten hadde offentleg finansierte flåtar. Dette gjorde at Kartago og Roma sin økonomi var avgjerande for krigen sitt forløp.

I byrjinga av krigen hadde Roma praktisk talt ingen erfaring med sjøkrig, medan Kartago hadde stor erfaring med sjøen på grunn av den sjøbaserte handel dei dreiv med. Men republikken forstod snart kor viktig det var med kontroll over Middelhavet i utfallet av konflikten.

Den første store flåten vart konstruert etter sigeren i Agrigentum i 261 f.Kr. Sidan Roma mangla sjøteknologi, vart utforminga av krigsskipa kopiert direkte frå erobra kartagiske triremer og quinqueremer. Kanskje for å kompensere for den manglande erfaringa si, utrusta romarane sine nye skip med eit spesielt bordingsutstyr kalla corvus. Det nye våpenet vart effektivt nytta i det store slaget ved Kapp Ecnomus der romarane sine overlegne legionærar kunne borde skipa og ta kartagarane i kamp mann mot mann. Corvusen tvinga Kartago til å revidere sine militære taktikkar, og sidan dette var vanskeleg for byen, hadde Roma overtaket til sjøs. Seinare, sidan romarane sin erfaring med sjøkrig betra seg, vart corvusen fjerna sidan han gjorde det vanskelegare å segle krigsskipa og var farleg i bruk.

Trass i dei romerske sigrane til sjøs, var det republikken som tapte flest skip og mannskap under krigen, mykje på grunn av uvêr. Ved minst to høve (255 og 253 f.Kr.) vart heile flåtar øydelagd i dårleg vêr. Vekta av corvusen på skipa var hovudsakleg årsaka til desse katastrofane. Mot slutten av krigen herska Kartago til sjøs, da Roma ikkje var villig til å finansiere enno ein ekspedisjonsflåte. Romarane bygde rettnok ein ny flåte betalt av donasjonar frå velståande borgarar. Den første punarkrigen vart avgjort i sjøslaget ved Dei egadiske øyane (10. mars 241 f.Kr.), der den nye romerske flåten under konsul Gaius Lutatius Catulus vann. Kartago mista nesten heile flåte sin og var ikkje økonomisk i stand til å finansiere ein ny eller å finne mannskap til skipa. Utan flåte var Hamilcar Barca avskore frå Kartago og tvunge til å overgje seg.

Etterspel endre

Roma vann den første punarkrigen etter 23 år med konflikt og erstatta til slutt Kartago som den dominerande sjømakta i Middelhavet. I krigen sitt etterspel, var begge statar finansielt og demografisk utmatta. For å avgjere dei endelege grensene i territoria, trekte dei det som dei rekna som ein rett linje over Middelhavet. Hispania, Korsika, Sardinia og Afrika vart verande kartagisk. Alt som var nord for denne linja vart gjeve til Roma. Roma sin siger hadde hovudsakleg grunnlag i at dei nekta å innrømme nederlag ved å alltid berre gå for total siger. Vidare var republikken sine evne til å trekke til seg private investeringar i krigen ved å spele på borgarane sin patriotisme for å finansiere skip og mannskap ein av de avgjerande faktorane i krigen, delvis i motsetnad til at dei kartagiske adelsmennene ikkje var tydeleg villige til å risikere formuane sine for felles gode. Slutten av krigen resulterte òg i den offisielle starten til den romerske marinen, som dreiv vidare ekspansjonen av Det romerske imperiet.

Tap endre

Det er alltid vanskeleg å fastslå talet på omkomne på begge sider i ein krig, særleg på grunn av utrekningar i historiske kjelder, vanlegvis med det føremål å fremme romerske verdiar. Men med det i tankane (bortsett frå tap i krigen på land):

  • Roma mista 700 skip (hovudsakleg på grunn av dårleg vêr og inkompetente leiarar) og minst delar av mannskapet sitt
  • Kartago mista 500 skip og minst delar av mannskapet
  • Kvart skip hadde eit mannskap på om lag 100 menn.

Konklusjonen er at, sjølv om dei er usikre, var tapa definitivt høge på begge sider. Historikaren Polybius kommenterte at krigen var på den tida den mest destruktive med tanke på tap i militærhistoria, inkludert slaga til Aleksander den store. Ved å sjå på data frå den romerske folketeljinga200-talet fvt. noterte Adrian Goldsworthy seg at under konflikten mista Roma rundt 50 000 innbyggjarar. Dette ekskluderer støttetroppar og alle andre menn i hæren utan borgarstatus som kunne vere utanfor teljinga.

Fredsvilkår endre

Fredsvilkåra som var sett opp av romarane var særleg harde for Kartago som ikkje var i stand til å forhandle. Dei var:

  • Kartago skulle evakuere Sicilia
  • Kartago skulle returnere krigsfangar utan lausepengar, medan dei skulle betale høge lausepengar for sine egne
  • Kartago skulle avstå frå å gå til åtak på Syrakus og hennar allierte
  • Kartago skulle overføre ei gruppe småøyar nord for Sicilia til Roma
  • Kartago skulle evakuere alle dei små øyane mellom Sicilia og Afrika
  • Kartago vart dømd til å betale 2200 talentar i kompensasjon i ti årlege avdrag, pluss eit tillegg på 1000 talentar umiddelbart

Fleire klausular avgjorde at dei allierte på kvar side ikkje skulle gå til åtak på kvarandre eller sine allierte og begge sider hadde forbod mot å samle troppar innan territoriet til den andre. Dette hindra kartagarane tilgang til romerske leigesoldatar.

Politiske resultat endre

I tida etter krigen hadde Kartago praktisk talt ingen midlar og kunne ikkje ein gong betale dei oppløyste militære arméane. Dette førte til ein intern konflikt, leiesoldatkrigen, vunne etter ein hard kamp av Hamilcar Barca. Kanskje var det mest umiddelbare politiske resultatet av krigen Kartago sin nedgang som stormakt til sjøs. Vilkåra som vart underskrive i fredsavtalen gjorde Kartago sin økonomiske situasjon verre og hindra byen si gjenreising. Avgrensingane som romarane kravde skapte ytterlegare belastning på byen sine finansar og tvinga Kartago til å sjå mot andre område etter pengar til å betale Roma. Ein aukande aggressiv kartagisk okkupasjon av koloniane i Hispania var resultatet, og dette førte til slutt til den andre punarkrigen. Ein interessant samanlikning kan ein trekke til politikken til Tyskland etter nederlaget i den fyrste verdskrigen og Versaillestraktaten som førte til den andre verdskrigen.

For Roma markerte slutten på den første punarkrigen starten på ekspansjonen utanfor den italienske halvøya. Sicilia vart den første romerske provinsen Sicilia, styrt av ein tidlegare praetor, i staden for å vere ein alliert. Sicilia vart veldig viktig for Roma som kjelde for korn. Sardinia og Korsika vart lagt til i 238 f.Kr. då Kartago var opptatt med leigesoldatkrigen og det var fritt fram for romarane.

Viktige leiarar endre

Kronologi endre

  • 264 f.Kr. – Mamertinane bad om assistanse frå både Roma og Kartago for å ta seg av åtaka til Hiero II av Syrakus. Roma svarte berre etter at Kartago hadde sendt troppar.
  • 263 f.Kr. – Hiero II tapte mot konsul Manius Valerius Messalla og vart nøydd til å alliere seg med Roma.
  • 262 f.Kr. – Romersk intervensjon på Sicilia. Byen Agrigentum, som var okkupert av Kartago, vart omleira.
  • 261 f.Kr.Slaget ved Agrigentum, som resulterte i romersk siger. Roma avgjorde at dei skal bygge ein flåte for å truge kartagarane sin dominans til sjøs.
  • 260 f.Kr. – Den første trefninga til sjøs (slaget ved Dei eoliske øyane) var ein katastrofe for Roma, men kort tid etterpå sigra Gaius Duilius i slaget ved Mylae med hjelp av corvus-maskinen.
  • 259 f.Kr. – Kampane på land vart utvida til Sardinia og Korsika.
  • 258 f.Kr.Sjøslaget ved Sulci: Romersk siger.
  • 257 f.Kr.Sjøslaget ved Tyndaris: Romersk siger.
  • 256 f.Kr. – Roma prøvde å invadere Afrika og Kartago prøvde å avskjere transportflåten. Det påfølgjande slaget ved Kapp Ecnomus var en viktig siger for Roma som gjekk i land i Afrika og rykka fram mot Kartago. Slaget ved Adys var den første romerske suksessen på afrikansk jord og Kartago bad om fred. Ein klarte ikkje å kome fram til ei semje og krigen heldt fram.
  • 255 f.Kr. – Kartagarane leigde ein spartansk general, Xanthippos, for å organisere forsvaret sitt og sigra over romarane i slaget om Tunis. Dei romerske overlevande vart evakuert av ein flåte, men vart øydelagd kort tid etter på veg tilbake til Sicilia.
  • 254 f.Kr. – Ein ny flåte på 140 romerske skip vart bygd for å erstatte den som vart tapt i stormen og ein ny armé vart reist. Romarane vann ein siger ved Panormus på Sicilia, men klarte ikkje å oppnå fleire framsteg i krigen. Fem greske byer på Sicilia desertere frå Kartago og gjekk over til Roma.
  • 253 f.Kr. – Romarane førte så ein politikk med åtak langs den afrikanske kysten aust for Kartago. Etter eit år utan suksess drog flåten heim. På veg heim til Italia vart romarane igjen tekna av ein storm og mista 150 skip.
  • 251 f.Kr. – Romarane vann igjen over kartagarane, leia av Hasdrubal, ved Panormus. På grunn av dei nylege tapa prøvde Kartago å styrke sine garnisoner i Sicilia og tok tilbake Agrigentum. Romarane omleira Lilybaeum.
  • 249 f.Kr. – Roma mista nesten heile flåten i slaget ved Drepana. Same året utførte Hamilcar Barca vellukka åtak på Sicilia og enno ein storm øydela restane av dei romerske skipa. Aulus Atilius Caiatinus vart utnemnd til diktator og send til Sicilia.
  • 248242 f.Kr. – Lågintensitetskampar på Sicilia, ingen sjøslag. Roma starta bygginga av ein ny flåte i 242.
  • 241 f.Kr.10. mars vart slaget ved Dei egadiske øyane utkjempa, romarane vann ein avgjerande siger. Kartago vart nøydd til å akseptere fredsvilkåra og den første punarkrigen tok slutt.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • The Punic Wars av Adrian Goldsworthy, Cassel
  • The First Punic War, A military history av J.F. Lazenby, 1996, UCLPress
  • Verdshistorien av Polybius, 1.7 - 1.60
  • Evolution of Weapons and Warfare av Trevor N. Dupuy.