Opna hovudmenyen
«Marmortrappen, som fører op til kirken Santa Maria in Aracoeli i Rom», måla av C.W. Eckersberg i 1814/1816.
Olje på lerret, 32, 5 x 36, 5 cm, Statens Museum for Kunst[1]

Den danske gullalderen, den danske gullalder eller Københavnerskolen[2] var ein periode i dansk - og særleg københavnsk - kunst- og kulturliv frå ca. 1800 til ca. 1850.[3]

Byrjinga fall saman med to hendingar; Henrik Steffens som kom heim frå ei utanlandsreise og heldt foredrag om turen, og tjuveriet av Gallehus-horna - dansk: guldhornene.

Det danske kulturlivet bløma i denne perioden, særleg innanfor litteratur og biletkunst med C.W. Eckersberg som frontfigur innan målarkunst.[4] I andre greiner av kulturlivet var mellom andre fysikaren H.C. Ørsted, bilethoggaren Bertel Thorvaldsen, diktaren Adam Oehlenschläger, filosofen Søren Kierkegaard, komponisten C.E.F. Weyse, diktaren H.C. Andersen, teologen og diktaren N.F.S. Grundtvig og salmediktaren B.S. Ingemann ein del av personkrinsen i den danske gullalderen.

Slutten av perioden set ein vanlegvis til 1848-50, da fleire av de monalegaste kunstnarane anten var døydde eller hadde slutta å utøve kunsten sin. Andre viktige storhendingar i desse åra var slutten på eineveldet, grunnlova vart vedteken i 1849, koleraepidemien i København i 1853 og «voldenes fald»; vollane som hadde ringa byen inn sidan mellomalderen vart fjerna i 1850-åra. Det gjorde at ein kunne byggje og utvide byen utafor den indre bykjerna.

OmgrepetEndra

Gullalder-omgrepet kjem frå slutten av 1800-talet, då litteraturforskarar og kunsthistorikarar byrja å skildra historia til epoka. Valdemar Vedel nytta omgrepet «gullalder» for første gong i 1890 for å skildra perioden frå 1800 til 1850 i ei doktoravhandling med tittelen Studier over Guldalderen i dansk Digtning. Også Vilhelm Andersen peiker på Henrik Steffens som årsaka til starten på Gullalderen i si doktoravhandling Guldhornene. Et Bidrag til den danske Romantiks Historie frå 1896.[5]

Det gjekk likevel fleire år før kunsthistorikarar tok omgrepet i bruk. Den første som gjorde det var truleg Henrik Bramsen i sitt oversiktsverk om dansk kunst. Det var i 1942, og han sette hermeteikn rundt ordet. Sidan 1960-åra har det likevel vore den autoriserte nemninga.[6]

TidfestingEndra

Gullalderen er tidfesta forskjellig alt etter kva for kjelder ein nyttar og kva for kunstartar og vitskaper ein prøver å tidfesta. Til dømes skriv Knud Voss i innleiinga i Guldaldermalerne frå 1976, at Gullalderen er tida mellom 1810 og 1850.[7] Innafor målerkunsten isolert sett snakkar Hans Edvard Nørregård-Nielsen om perioden ca. 1815-50[8] og Kasper Monrad seier i Dansk guldalder. Lyset, landskabet og hverdagslivet: «dansk billedkunst ca. 1815-50».[6]

I verket Illustreret dansk Litteraturhistorie, tredje band frå 1924, delar litteraturhistorikaren Vilhelm Andersen litteraturhistoria til byrjinga av 1800-talet i fleire «slektledd». Det første slektleddet blir innleia ved at Henrik Steffens inspirere Adam Oehlenschläger til å skriva dei romantiske dikta sine. Andersen plasserer dette leddet til perioden 1800-1810. Det gjennombrotet som blei skapt i første slektsledd kallar han inspirasjonen i dei påfølgjande slektsledda heilt opp til midten av hundreåret, altså ca. 1850. Innanfor litteraturen vert difor nemninga «Gullalderen» nytta om den første halvdelen av 1800-talet frå rundt 1800-1850, og det er difor i denne retninga av Gullalderen, i motsetning til t.d. målarkunsten har sitt største omfang.

Bakgrunn og føresetnaderEndra

 
«Københavns bombardement, natten mellem 3. og 4. september 1807» Samtidig måleri av Christoffer Wilhelm Eckersberg frå slaget om København. Tilhøyrer Frederiksborgmuseet

Gullalderen kan framstå som harmonisk og idyllisk på grunn av den kulturelle rikdomen. Men i denne perioden blei København og Danmark ramma av fleire alvorlege storhendingar: slaget om København i 1801 og 1807, statsbankerotten i 1813, og i 1814 avstod Fredrik VI Noreg til kongen av Sverige. Byen hadde i tillegg vore gjennom to store bybrannar, den første i 1728, den andre i 1795.[9]

 
Charlottenborg, Det Kongelige Danske Kunstakademi på Kongens Nytorv i København.
Foto: Henrik Jessen

Filosofien bak den kunstneriske utfaldinga i gullalderen var den romantiske tanken som i Danmark vart inspirert av dei tyske idealistiske tenkjarane Johann Gottlieb Fichte, Friedrich Schelling og Georg Wilhelm Friedrich Hegel. Idéane vart introduserte i Danmark og Norden av Henrik Steffens, som på slutten av 1802 heldt sine Philosophiske Forelæsninger på Elers' Kollegium i København.[10] Han hadde i 1798-1802 vore på studiereise i Tyskland, der han hadde opplevd dei tyske førebileta. Førelesingane til Steffens blei ein viktig innfallsport og spreidde dei tyske tankane til dei danske intellektuelle.

Den viktigaste føresetnaden for biletkunsten fann stad mange år tidlegare da Fredrik V skipa Det Kongelige Danske Kunstakademi i København i 1754.[2] Dei første professorane kom frå utlandet og ein reknar med ein eigentleg dansk biletkunst frå den tida han blei skapt av danske kunstnarar som hadde fått utdanninga si under danske professorar.

Dei første danske professorane var målarane Nicolai Abildgaard og Jens Jørgensen Juel som vart professorar frå høvesvis 1778 og 1784. Etter dette steig talet på danske kunstnarar mellom anna på grunn av ein stigande etterspurnad etter kunst frå det nye borgarskapet som veks fram i siste del av 1700-talet.[2]

MåleriEndra

I byrjinga av 1800-talet utvikla det danske måleriet seg til ein eigen nasjonal stil. Landskapsmåleria kan vise nordljoset, har mjuke, men likevel sterke kontrastfargar. Dei skildra scenene er typisk ei idealisert utgåve av verkelegheita, men upretensiøst og daglegdags, og ser meir realistisk ut enn det som faktisk er tilfelle. Biletkunstnarane streva etter eit preg av verkelegheit utan at detaljane skulle bli til realisme. Interiørscener, gjerne små gruppeportrett, ofte av venekrinsen eller familien, er også vanleg, med ei liknande handsaming av daglegdagse gjenstandar og møbel.

Dei første skritta vart tekne av Christoffer Wilhelm Eckersberg og han skulle få mykje å seia for perioden. Han hadde studert i Paris hos Jacques-Louis David og vart ytterlegare påverka mot nyklassisisme av Bertel Thorvaldsen. Eckersberg underviste ved Kunstakademiet frå 1818 til han døydde i 1853 og fekk stor påverknad på neste generasjon, der landskapsmåleriet kom i forgrunnen. Han var lærar for mange av dei leiande kunstnarane i perioden, som Wilhelm Bendz, Albert Küchler, Christen Købke, Jørgen Røed, Martinus Rørbye, Constantin Hansen og Wilhelm Marstrand.

KjelderEndra

  1. Kasper Monrad side 67
  2. 2,0 2,1 2,2 «Guldalderen». Tilbygningen/Thorvaldsens Museum. Henta 10. november 2014. 
  3. Guide til dansk guldalder
  4. Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Guldalder.dk
  5. «Vilhelm Andersens guldalderkonstruktion». Arkiv for Dansk Litteratur. Henta 10. november 2014. 
  6. 6,0 6,1 Kasper Monrad side 10
  7. Knud Voss: Guldaldermalerne og deres billeder på Statens Museum for Kunst, side 9, Hamlet, Lyngby 1976, ISBN 87-7321-072-2
  8. Dansk guldaldermaleri frå 1995, side 7 i innleiinga, han skriv det same i 2000 i Dansk Gulderalderkunst - Fra Abildgaard til Hammershøj side 15
  9. «Københavns brande». Den Store Danske. Henta 10. november 2014. 
  10. Carl Henrik Koch. «Henrich Steffens: Forelæsningerne i København». Arkiv for Dansk Litteratur. Henta 10. november 2014. 

LitteraturEndra